Skal vere fysisk aktive kvar dag

– Vi har eit forslag til ny visjon om at vi skal vere fysisk aktive kvar dag, sa Britt Karen Spjeld på konferansen om idrettsanlegg i den nye Vestland fylkeskommune. Ho er seksjonsleiar for idrett og friluftsliv i Hordaland fylkeskommune.

– Målet vårt er at alle skal kunne vere aktive etter eige ønskje og føresetnader på allment tilgjengeleg område i naturen og i anlegg i nærmiljøet. Anleggsutviklinga skal bidra til å skape attraktive nærmiljø, sa Spjeld på konferansen som samla mange deltakarar frå idrettslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane, politikarar og dei to fylkeskommunane. 

Spjeld la fram forslaget til ny anleggs- og tildelingspolitikk som skal gjelde i den nye fylkeskommunen. Ho peika på at det er eit etterslep på ein milliard kroner i tildeling av spelemidlar til planlagte- og bygde idrettsanlegg. Dette utgjer 638 millionar kroner i Hordaland og 364 millionar i Sogn og Fjordane.

Overgangsordning

Av forslaget går det fram at ei overgangsordning bør gjelde dei to første åra av Vestland fylkeskommune med ei fordeling på 69 prosent av midlane til Hordaland og 31 prosent til Sogn og Fjordane. I dette er det og ein føresetnad at søknader frå 2019 som blir gjentatt på nytt, skal få tildeling.

I dei fire første åra, 2020 til 2024 er forslaget om at 15 prosent av spelemidlane skal gå til nærmiljøanlegg og 85 prosent til ordinære anlegg. Det skal og vere ein føresetnad at alle kommunar som søkjer, skal få minst eitt nærmiljøanlegg. I tillegg skal idrettsseksjonen i Hordaland greie ut om alle kommunar i Hordaland skal få dagsturhytter etter modell frå Sogn og Fjordane. Denne saka kjem opp på Hordaland fylkesting i juni. 

Må ha samspel 

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun sa at frivillege organisasjonar spelar ei stor rolle i å bygge nye Vestland fylkeskommue.

– Det er kjekt at her er begge fylke og begge idrettskrinsar med. Vi skal bli Vestland. Vi er avhengige av kvarandre, og vi må ha samspel med dei frivillige organisasjonane. Det er avgjerande for å nå målet vårt. Vi er ein stor familie som skal skape resultat i lag, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Skape idrettsglede

Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane og leiar av interimsstyret for Vestland idrettskrins, Nils R. Sandal, var samd med Hestetun.

– Dette er starten på eit felles Vestland. Det felles målet vårt er å skape eit sterkt Vestland. Regionen får eit overordna ansvar, men og eit ansvar for den frivillige sektoren der idrettsslaga står sterkt. Vi har 1000 idrettslaget i dei to fylka med 230 000 medlemmer. Dette er litt av ein kraft. Vi skal legge til rette for at alle, i alle aldrar, skal ta del i idrettsaktivitetar. Vi skal vere med og bygge Vestland og skape idrettsglede for alle, sa Nils R. Sandal. 

Må få meir frå staten

Idrettspresident Tom Tvedt la vekt på at staten må bidra med meir pengar til idretten.

– Den norske idretten er spesiell. Vi har ein modell som ingen andre land har. Idretten vår generer ei verdiskaping på 35 milliardar kroner årleg. 70 prosent av summen kjem frå dei 12 000 idrettslaga i landet, 20 prosent kjem frå kommunane og 10 prosent frå spelemidlar. Men det kjem ingenting frå Stortinget gjennom statsbudsjettet. 

Bergen må få skøytehall

Tom Tvedt peika på at det er eit stort etterslep i tildeling av spelemidlar, heile 3,5 milliardar kroner.

– Vi må få til ei statleg finansiering av etterslepet. Fram til 2029 skal staten investere 1050 milliardar kroner i infrastruktur her i landet. Kunne vi berre få ein prosent av dette til idrettsanlegg ville vi ha kome langt. Stortinget har vedteke at alle barn skal ha svømmetrening, men finansieringa overlet dei til spelemidlane. Og Bergen treng eit anlegg for skøyter og isaktivitetar. Det er på tide det kjem, sa idrettspresident Tom Tvedt.