Skal styrke entreprenørskap på Vestlandet

På «Innovasjonsuken OPP» skal entreprenørskap og forretningsutvikling på Vestlandet bli styrka. Over 50 arrangement skal løfte fram teknologi, produkt, tenester og prosjekt.

«Innovasjonsuken OPP» går av stabelen 16. til 21. september i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette er ein festival for innovasjon, entreprenørskap og nyskaping i det nye fylket Vestland.

Festivalen skal synleggjere og vere ein god brubyggar mellom ulike bransjar og miljø og blir arrangert i tett samarbeid med partnarar frå næringslivet og innovasjonsmiljøa i regionen. 

Under festivalen blir det over 50 arrangement på mange stader i Hordaland og Sogn og Fjordane. Mange aktørar står bak festivalen mellom anna Hordaland fylkeskommune som bidreg med 300 000 kroner.

Festivalen er for næringshagar, inkubatorar, nettverksorganisasjonar, co-workingsspaces, investorar, gründarar, studentar, akademia, FoU, offentlege og alle som har interesse for entreprenørskap, innovasjon og nyskaping. Her kan du bygge nettverk, bygge bruer, utvikle samarbeid og få meir innsikt i alt det spennande som skjer i regionen.

Dette er tredje gongen festivalen blir skipa til. I fjor var det 71 arrangement og 3000 påmelde på 31 ulike stader.

Meir informasjon og påmelding