Skal markere 1000 år med kristendom i Noreg

1000 år med kristendom i Noreg skal bli markert på Moster i 2024. Utval for kultur, idrett og regional utvikling sluttar seg til riksjubileet og tilrår å løyve 3,15 millionar kroner som startløyving.

I 1024 vart kristenretten i Noreg vedteken på Mostertinget då Olav den heilage var konge. Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune starta i 2017 eit forprosjekt for å greie ut grunnlaget for eit riksjubileum med sentral markering på Moster. Forprosjektet konkluderer med at jubileet kan gjennomførast.

20 millionar kroner 

Å gjennomføre riksjubileet er kostnadsrekna til 20 millionar kroner. Hordaland fylkeskommune og Bømlo kommune skal bidra med fem millionar kvar, mens staten skal bidra med 10 millionar kroner. Eit aksjeselskap skal opprettast for å gjennomføre jubileet. Det skal vere eigd av Hordaland fylkeskommune og Bømlo kommune. 

Ni millionar kroner skal gå til basiskostnader, mens 11 millionar kroner skal gå til dei ulike tiltaka som innhald, markeringar, arrangement, jubileumsfest, bøker og læremiddel. 

Moster Amfi vil utvikle anlegget 

Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter AS har planar om utvikling av anlegget til jubileet og vil lage ei ny utstilling. Eventuelle investeringar i Moster Amfi skal skje på sjølvstendig grunnlag. 

Riksjubileet skal bli planlagt i partnarskap med ei rekkje aktørar innan politikk, akademia, samfunnsliv og kulturliv. I formidlinga skal barn og unge prioriterast ved å ta i bruk grunnskule, kulturskule, den kulturelle skulesekken, folkebiblioteka, etc. 

Saka blir avgjort i fylkesutvalet 28. mars.