Skal lage verdas første internasjonale ungdomsbedrift

Sist veke var elevar frå Italia, Romania, Bulgaria og Belgia på besøk til Stend vidaregåande skule gjennom Erasmus-prosjektet Yell. Saman med Stend-elevane skal dei etablere ei ungdomsbedrift på tvers av landegrensene.

– Gjennom prosjektet får elevane bygd internasjonalt nettverk og kunnskap om måtar å tilpasse seg marknaden på i ulike land. Dette er unik kunnskap som dei ikkje ville fått gjennom vanleg undervising, seier Bjørn Hallvard Grinde. Han er ein av fire lærarar på Stend vidaregåande som har ansvar for å følge opp prosjektet.

Skisserte åtte idear

Utdanningsprogramma naturbruk og service og samferdsel på Stend vgs var vertskap for dei 31 gjestene.

– Det var eit spenstig og intensivt opplegg. Det er kjekt å sjå korleis elevane sosialiserer seg og blir kjende – og at mange ikkje hadde lyst til å reise heim, seier Grinde.

Målet var å lære av kvarandre og å styrke kompetansen i entreprenørskap, og dessutan begynne arbeidet på det som sannsynligvis blir verdas første internasjonale ungdomsbedrift. Han legg til at eit av høgdepunkta var idéutviklinga der elevane sat i grupper for å komme fram til gode konsept for den internasjonale ungdomsbedrifta. Gjennom arbeidet blei det skissert åtte ulike idear. Førebels er ideane berre på skissestadiet.

– Vi hadde mange idear på gruppa. Ein av dei norske elevane hadde ein idé som vi kalla Checkit. Verktøyet skal hindre at nokon blir svindla på nettet, seier Dimitar Andonov frå Bulgaria. Checkit handlar om å opprette eit digitalt mellomledd som skal gjere netthandel tryggare for forbrukarane.

YELL1.jpg

GODT SAMARBEID: Både lærarane og elevane frå dei fem landa blei godt kjend gjennom å samarbeide om eit felles prosjekt.

Ut av skilpaddeskalet

Enache Adelina (17) frå Romania synes opphaldet i Norge var svært lærerikt.

– Dette var ei heilt ny oppleving. Eg fekk trening i å bruke engelsk og møte nye menneske som tenkar på heilt andre måtar. Eg følte meg som ei skilpadde som kom ut av skjellet sitt, seier ho og legg til at gode relasjonar er ein nøkkel når ei ungdomsbedrift skal startast.

Samlinga på Stend var den første der både lærarar og elevar deltok. Dei neste åra blir det fleire samlingar i dei andre landa. Ellers i året skal skulane samarbeide og ha kontkakt gjennom digitale kanalar.

Lærararen Hristo Milushev frå Bulgaria er prosjektleiar for Yell-prosjektet. Han meiner prosjektet gir elevane nye idear dei kan få bruk for.

– Når dei møtast for første gang finn dei ut at dei lever i liknande samfunn. Dei bygger sterke nettverk og får nye venner. Prosjektet utvikler ferdigheiter som leiarskap, samarbeid og problemløysing.