Skal bruke 20 mill. kr ekstra på ferjesamband

Eit samrøystes fylkesutval i Hordaland har vedteke å bruke om lag 20 millionar kroner meir på ferjesamband.

Pengane blir brukt til å tilpasse ein del ferjeavganger etter innspel frå kommunane. Nokre ferjesamand får og ekstra ferjeavganger. Dette gjeld mellom anna Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes som får ein ekstra avgang om ettermiddagen frå Gjermundshamn til Varaldsøy og tilbake. Sambandet Hodnanes – Jektavik skal få fire ekstra rundturar i høve tidlegare forslag. Ferja Sydnes – Fjelberg skal få ein rundtur ekstra. 

Forslaget vart fremja av Pål Kårbø (KrF) som har kalkulert at meirkostnaden for Hordaland fylkeskommune blir 19,7 millionar kroner. Forslaget vart samrøystes vedteke etter at andre forslag fall. 

Elektriske ferjer 

Bakgrunnen for saka er overgang til elektriske ferjer som skal føre til kraftig reduserte utslepp. Men dei elektriske ferjene treng noka tid til å lade ved ferjekaiene. Det har ført til at det ikkje kan bli like hyppige avganger i rushtida. For å bøte på dette får dei to nemnde ferjesambanda utvida ressursar til fleire ferjeavgangar. 

Benthe Bondhus (Sp) fremja eit tilleggspunkt om at det må vere rom for å vurdere auka kapasitet i anbodsperioden på ferjesamband som får vesentleg trafikkauke. Det vart samrøystes vedteke. 

Skal vurdere ekstra sommarferje i Jondal 

Eit samrøystes fylkesutval slutta seg og til forslag frå Terje Søviknes på vegner av Frp, Høgre og Venstre om at fylkesrådmannen skal greie ut sak om ekstra sommarferje på strekninga Jondal – Tørvikbygd. 

Ved overgangen til elektriske ferjer ønskjer fylkesutvalet eit samarbeidsprosjekt med operatørselskapa for å sjå på korleis vi kan optimere bruken av det eksisterande batteri- og ladeutstyret. Fylkesrådmannen har fått fullmakt til å starte dette samarbeidet og halde fylkesutvalet orientert om status i prosjektet gjennom 2020.