Sju spørsmål og interpellasjonar til fylkestinget

Til Hordaland fylkesting tysdag 5. mars har politikarane meldt inn sju spørsmål og interpellasjonar. Miljøprisen for Hordaland skal delast ut, og beste kulturkommune i fylket skal kårast.

Fylkestinget startar tysdag 5. mars kl. 10.00. Som vanleg blir det talar av fylkesordførar Anne Gine Hestetun og konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen. På sakskartet står mellom anna finansforvalting, nye namn på vidaregåande skular og årsmelding frå kontrollutvalet.

Sjå sakene under e-innsyn, politiske saker på nett

Program for fylkestinget tysdag 5. mars 2019

Oversyn over interpellasjonar og spørsmål

Interpellasjon frå Astrid Aarhus Byrknes (KRF) - Inntaksområdet i den vidaregående skulen, har Fellesnemnda mandat til å gjere vedtak?

Interpellasjon frå Iril Schau Johansen (H) - Kombinert skibuss og rutebuss til Bavallen, Voss

Interpellasjon frå Anne Beth Njærheim (V) - folkehelseundersøkinga - korleis få eit betre kollketivtilbod?

Spørsmål frå Aud Karin Oen (SV) - vedtak på bruk av hotell med tariffavtale for dei tilsette

Spørsmål frå Marthe Hammer (SV) - Bygging av Sotrasambandet og spørsmål pm tidsaspekt

Spørsmål frå Jeanette Syversen (R) - spørsmål om brudd på friskolelova begått av Bergen privat gymnas og Metis Akademiet

Spørsmål frå Geir Kjell Andersland (V) - Utbygging av dagshytter i Sogn og Fjordane, kven er dei tilgjengeleg for?