Sjefskifte i tannlegestolen

– Eg har eit godt støtteapparat rundt meg og gler meg til å byrje i ny stilling, seier Lathamini Murugesh som er tilsett som fylkestannlege i Vestland fylkeskommune.

Fylkestannlege i Hordaland, Arne Åsan, går av ved årsskiftet og blir pensjonist. Lathamini Murugesh har vore overtannlege i distrikt nord dei siste åra.

– Det var tilfeldig at eg vart tannlege. Eg kom som student frå Sri Lanka og tenkte å bli lege, men det vart tannlege i staden. Eg er utdanna ved Universitetet i Bergen i 1986. Eg reiste først til Vadsø og var tannlege der fram til 1990. Deretter reiste eg  til Danmark og vart gift med ein danske. I januar 1993 kom eg tilbake og byrja som tannlege i Hordaland fylkeskommune, først på Tysse tannklinikk.

Vil sakne pasientane

Lathamini har i 26 år behandla pasientar ved ulike tannklinikkar i Hordaland. Fana og Ytrebygda, Nykrohnborg og Engen, der ho vart klinikkleiar. I 2011 vart ho klinikkleiar i Norheimsund og frå 2016 overtannlege i distrikt nord etter Stein Mo.

– Eg slutta med pasientar i august i år då eg tok over ansvaret for den nye tannklinikken i Arna. Eg vil sakne pasientane. Eg får eit anna forhold til faget når eg har pasientar. No blir det berre papir og kontor. Pasientane kjem eg til å sakne, seier Lathamini.

Utfordrande geografisk og økonomisk

Frå årsskiftet får ho ansvar for 540 tilsette i tannhelsetenesta i Vestland med 60 tannklinikkar, 40 i Hordaland og 20 i Sogn og Fjordane.

– Det blir spennnande og krevjande i den nye stillinga, men eg har gode medarbeidarar. Stillinga kan bli utfordrande, både geografisk og økonomisk.

Lathamini kjem frå leiargruppa til Arne Åsan.

– Arne har vore ein pioner innan bygging av nye tannklinikkar og samanslåing av små tannklinikkar til større. Dei neste tannklinikkane ut blir Nesttun og Åsane til sommaren og Knarvik om eitt år.

Ny kvardag

For Arne Åsan blir det ein ny kvardag frå 1. januar 2020.

– Eg byrja som fylkestannlege 1. juli 2011 og har ikkje behandla pasientar på 10 år. Eg ser fram til å gå av, men det var ei vanskeleg avgjersle. Tannlegar har særaldersgrense på 65 år, og eg blir 65 2. juledag. Eg kunne gjerne ha halde fram, men eg ønskjer ikkje det. Dette er eit greitt vegskilje og avslutning for meg.

Arne Åsan byrja som tannlege i Hordaland fylkeskommune 1. november 1989.

– Men først var eg i Rogaland fylkeskommune frå 1979. No har 30 år bak meg som leiar i ulike stillingar. Det har vore ei fantastisk utvikling i tannhelsa i Hordaland i dei åra eg har jobba her. Då eg starta, var det nesten ingen barn som var utan hol i tennene. I dag har 60 prosent av alle 12-åringar aldri hatt hol i tennene.

Ein heilt annan kvalitet og standard

For pensjonistane har og tannhelsa endra seg.

– No er det ein heilt annan situasjon for dei eldre. Då eg byrja, hadde nesten alle eldre gebiss. I dag er det berre nokre få. Som teneste har vi og endra oss kraftig. Vi har høg fagleg standard. Og vi har fått spesialisttannhelsetenesta frå 2012. Slikt tilbod hadde vi ikkje før. No gjev vi tilbod til pasientar med sterk angst, og vi har fire psykologar i full stilling ved tannklinikkane i Hordaland.

Åsan er svært nøgd med arbeidet som er gjort med å endre strukturen på tannklinikkane i Hordaland.

– Klinikkstrukturplanen har gjort at vi har fått ein heilt annan kvalitet og standard i tannhelseteneste. Vi har bra rekruttering til ledige stillingar. Det største problemet er å tilsette tannhelsesekretærar. Utdanninga er det fylkeskommunen som står for, og ved den nye tannklinikken i Åsane (på nye Åsane vidaregåande skule) skal det kome praksisrom i tannhelseutdanninga.

På «avrusing»

Arne Åsan har trivst godt i Hordaland.

– Eg har hatt fantastisk spennande år i fylkeskommunen og har alltid likt meg i den offentlege tannhelsetenesta. Det som har vore slitsamt, er budsjettsituasjonen. No må eg på «avrusing» og venne meg til ikkje lenger å opne outlook for å sjekke kva eg skal gjere. Eg kallar det «avrusing» å venne meg til ikkje lenger å gå på arbeid. Først skal eg ta meg nokre veker der eg ikkje skal gjere noko. Men eg har hytte på Sørlandet og kjem nok til å vere der ein del, seier avtroppande fylkestannlege i Hordaland, Arne Åsan.