Sette ny norsk rekord i simultansjakk

– Eg har ikkje spela mot så mange før. Dette blir ny rekord, sa den internasjonale sjakkmeisteren, Joachim B. Nilsen, som 23. oktober spela simultansjakk mot 269 motspelarar på Olsvikåsen videregående skole.

Nilsen er tidlegare elev ved skulen, og dette er femte året på rad han deltek på parallelle sjakkparti på skulen. Han starta mot 30 motspelarar for fem år sidan. I fjor var det 160, som og var ny norsk rekord, og i år 269.

Bryt opp timeplanen

– I dag bryt vi opp timeplanen og gjer andre aktivitetar. Dette er eit trivselstiltak og har med identiteten vår å gjere. Elevane skal gjere noko kjekt med andre elevar, og vi knyt dette opp til læring. Realistane ved skulen har laga programmet med ulike aktivitetar. I idrettshallen spelar vi sjakk heile dagen til det står att ein vinnar. Om lag halvparten av elevane ville spele sjakk, men vi har og elevar som deltek i arduino, strikking, papirbretting, modellering/logikknøtter, «meisternes meister» (hovudrekning), fagsnacks, brettspel og filmframvising, seier assisterande rektor Bengt H. Lund.

SjakkIMG_4459N1000.jpg

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, opna med å sette bonden på E4. Motspelar Elias Elverum svara med same trekk.

Engasjert i ungdomen 

Nyvald fylkesordførar for Vestland, Jon Askeland, deltok på trivselsdagen og fekk æra av å føreta det første sjakktrekket.

– Eg har engasjement for ungdomen, så det kunne ikkje vore betre for meg enn å vere her i dag, sa Askeland som opna med å sette bonden til E4.

– Eg køyrer eit aggressivt opningstrekk. Då kan vi rykke fram og få stor bevegelse i spelet, seier Askeland og avslører at han er inspirert av Magnus Carlsen. Motspelar Elias Elverum svarte med same trekk.

SjakkN1000B4506.jpg

Jon Askeland diskuterer lure sjakktrekk med Elena Pedersen og Malene Haukenes.

– Håpar å slå han

Lise Ludvigsen var ein av dei 269 sjakkspelarane.

– Eg håpar å slå han. I fjor gav eg han god kamp. Eg trur eg har spela lure trekk, men eg veit ikkje kva han tenker. Heime spelar eg mot pappa og har slått han. Eg er ein heilt grei sjakkspelar, seier Lise Ludvigsen.

SjakkB4558N1000.jpg

Vilde Sofie Langhelle (t.v.) og Wiktoria Wiktorowska strikker trestrømper på trivselsdagen.

Skal pynte trærne i skulegården 

I eitt av klasseromma ved skulen er mange elevar i gang med strikking.

– Vi hadde masse garnrestar igjen etter kunstlinja som vi no brukar til å strikke. Planen er å strikke strømper som vi skal pynte trea i skulegården med, fortel lærar Kari Lise Ellingsen som har ansvar for aktiviteten.

Wiktoria Wiktorowska og Vilde Sofie Langhelle er to av strikkarane.

– Dette er veldig kjekt og avslappande. Det er ein fin måte å starte dagen på, seier dei to.

SjakkB4565N1000.jpg

Strikking er avslappande og gir god stemning.

SjakkB4528N1000.jpg

269 sjakkparti vart spela simultant i idrettshallen til Olsvikåsen videregående skole.

SjakkB4554N1000.jpg

Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal (t.v.) var interessert i trivselsdagen og hadde samtalar med rektor Helene Systad og assisterande rektor Bengt H. Lund.