Semje om byvekstavtale på 13 milliardar kroner

– Dette er ein god avtale for den vidare utviklinga av Bergensområdet, seier påtroppande fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, etter at det er semje om ein byvekstavtale med 13 milliardar kroner frå staten i perioden fram til 2029.

Byvekstavtalen vart signert av samarbeidspartane onsdag 4. desember. Pengane skal gå til vidare utbygging av kollektivtrafikk, gang- og sykkelvegar, innfartsparkering og miljøvenleg teknologi i Bergen, Alver, Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden kommunar.

Bra for innbyggarane 

– Avtalen er grunnleggande viktig for at Bergensregionen skal fungere i kvardagen. Kollektivsystema er ryggraden i transportløysinga vår. No blir det meir pengar til utvida kollektivtilbod og lågare billettakstar. Dette er bra for innbyggarane våre, seier Jon Askeland.

ByvekstN1000B101950B.jpg

Samarbeidspartane signerte byvekstavtalen: Ordførar Siv Høgtun, Askøy, (f.v.), ordførar Tom Georg Indrevik, Øygarden, ordførar Sara H. Sekkingstad, Alver, ordførar Trine Lindborg, Bjørnafjorden, byråd Thor Haakon Bakke, Bergen, fylkesordførar Jon Askeland, Vestland, Bjarne Grimsrud, Statens vegvesen, fylkesmann Lars Sponheim, Vestland og Kirsti Slotsvik, Jernbanedirektoratet.

Nullvekst

Byvekstavtalen sikrar ei gjensidig plikt mellom partane til å nå nullvekstmålet og skal bidra til å skape eit storbyområde som er planlagt og tilrettelagt for framtidige grøne transportløysingar.

– Avtalen gjev eit stort og framtidsretta løft for vidare utvikling og samordning av areal- og transportpolitikken i Bergensregionen. Ei utviding av avtaleområdet er eit godt og viktig grep. Sjølv om det har vore utfordringar i forhandlingane, er det av stor verdi at vi etablerer eit samarbeid i eit større, funksjonelt byområde. Dette er viktig og naudsynt for å nå nullvekstmålet, seier Jon Askeland.

Endeleg godkjenning

Byvekstavtalen er signert av forhandlingsutvalet og overlevert til samferdsledepartementet og kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg godkjenning. Avtalen skal og handsamast av kommunestyra i Alver, Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden, bystyret i Bergen og Vestland fylkesting før den er endeleg vedteken.