Samlokalisering av Kvam vidaregåande skule

Fylkesutvalet har gått inn for å samle all aktivitet i Øystese og bygge nye verkstadsareal for EL og TIP på tomta der den nye skulen skal lokaliserast.

Ei slik løysing vil òg sikre tomt for framtidig skule. Fylkesrådmannen satte fram forslaget med utgangspunkt i tilrådingane frå Norconsult og forslaga frå Kvam vgs. Leiinga ved skulen, AMU og arbeidstakarorganisasjonane har vore involverte og gitt sine uttalar på dei alternativa som har vore vurderte.

Intensjonsavtale om tomt

Det er utarbeidd ein intensjonsavtale med Kvam herad med mål om å avklare tomt og reguleringsforhold for eit felles bygg for den vidaregåande skulen i Kvam, og kommunale tenester/funksjonar for Kvam herad. Avtalen sikrar at skulen kan bli realisert i to fasar der eit bygg for verkstadene for EL og TIP kan bli bygd før felles hovudbygg.

Forskotering på 60-70 millionar

El og TIP vil trenge eit nybygg på om lag 1500 m2 med ei forskotering på 60-70 mill. kr. av framtidig planlagt investering for ny skule i Kvam. Investeringane i bygget på Øystese vil vere avgrensa, og kostnader knytt til investeringar i bygg skal ikkje overstige innsparingane i drifts- og vedlikehaldskostnadane.

Kvam vgs blei administrativt slått saman januar 2017, men er fysisk lokalisert på to stader. Yrkesfaga Elektrofag, Teknikk og industriell produksjon og Helse- og oppvekstfag gjennomfører opplæringa i Norheimsund, medan Studiespesialisering har opplæring i Øystese.