Samla til workshop i festivalplanlegging

Dekor, vertskap, rebus og redaksjon, dette var berre nokre av arbeidsgruppene som blei oppretta på workshopen i festivalplanlegging på Os i helga. Målet var å planlegge årets UKM-festival.

UKM står for «ung kultur møtes». På UKM-festivalen deltar ungdom mellom 13 og 20 år frå heile fylket med alle slags kulturuttrykk. Alle er velkomne anten dei er utøvarar innan sang, fotokunst, cosplay eller moderne dans. Arrangementet finn stad den 6. og 7. april på Oseana kunst- og kultursenter.

Ungdommane som deltok på workshopen utgjer det såkalla «UKM-crewet». Dei utfører ei rekkje praktiske oppgåver som er heilt avgjerande for å gjennomføre ein vellykka festival. På workshopen fekk ungdommane bli kjent før UKM-festivalen og ikkje minst finne ut korleis dei kunne sette sitt preg på arrangementet.

Kan bli den beste

– Workshopen på laurdag var både hektisk og givande. Ungdommene var superflinke til å jobbe, og eg ser for meg at UKM-festivalen i Hordaland 2019 kan bli den beste nokon sinne, seier Marianne Ose Askvik. Ho er fylkeskontakt for UKM Hordaland og spesialrådgjevar i kunst- og kulturformidling i Hordaland fylkeskommune.

Valde grupper

På programmet stod mellom anna ei omvising på Oseana kunst- og kultursenter der UKM-festivalen skal finne stad. Deltakarane på workshopen har ansvar for ei rekkje sosiale aktiviteter i løpet av festivalhelga. Dei fekk sjølv velje kva for arbeidsgruppe dei skulle delta i, anten dekor, vertskap, rebus og knuter, sosialt, og mediegruppene redaksjon og fleirkameraproduksjon. Ungdommane hadde mykje å gjere og innsatsen var stor, men det var òg tid til leik og moro. Deltakarane kom frå kommunane Meland, Radøy, Bergen, Askøy, Vaksdal, Lindås, Kvinnherad, Austrheim, Øygarden, Os og Fusa.

UKM2.jpg

Representantar frå elleve kommunar i Hordaland dletok på workshopen på Os i helga.

Ung møteplass

UKM er ein møteplass for ungdom og kultur, der ungdom skapar noko saman. Her kan dei vise fram det dei brenn for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne. Ungdommane kan òg delta i mediegruppene fleirkamera eller redaksjon, eller som konferansier, arrangør eller teknikar. Dei som deltar på UKM-festivalen i Hordaland har deltatt på en UKM lokalfestival i sin kommune. UKM-festivalen i Hordaland er open for publikum 6. og 7. april på Oseana kunst- og kultursenter.