Samhald og høgt nivå på UKM-festivalen

På UKM-festivalen på Os i helga deltok nær 250 ungdommar frå heile fylket for å vise sine kulturelle uttrykk. Både litteratur, dans, film, musikk, kunst og teater stod på programmet på årets festival.

– Nivået blant ungdommane er noko av det beste vi har opplevd på UKM, seier Marianne Ose Askvik, fylkeskontakt for UKM Hordaland og spesialrådgjevar i kunst- og kulturformidling i Hordaland fylkeskommune. Ho skryt av det gode samhaldet blant ungdommane og måten dei heia kvarandre fram på.

Ungdommane styrer sjølv

UKM står for "ung kultur møtes", og er tidlegare kjent som Ungdommens kulturmønstring. I UKM kan ein få prøve seg, og i tillegg sjå kva andre ungdommar er opptatt av. UKM-festivalen er ein møteplass der ungdommane sjølv har styringa – både på, framfor og bak scena. Arrangementet er av, med og for ungdom som bur i Hordaland.

Den kulturelle delen av festivalen fann stad på Oseana kunst- og kultursenter på Os, mens UKM-campen der alle ungdommane var innkvartert, var på Os gymnas. I tillegg til den kulturelle delen var det òg ei rekkje workshops innan ulike tema som låtskriving, skodespelarteknikk, scenekamp, formidling, dans, graftitti, konferansier, media og husband.

– Ungdommane gjorde årets UKM til eit strålande arrangement på alle måtar. Alt gjekk som smurt - både arrangementet på Oseana der framsyningane, kunstutstillinga, filmvisningane og workshopane fann stad, og UKM-campen. At vi var heldige med vêret, la heller ingen dempar på den gode stemninga, seier Marianne Ose Askvik.

UKM_kunst1.jpg

SPRAYMÅLA: Ungdommane i aksjon på workshopen om grafitti.

Ein møteplass

UKM skal vere ein plass ungdom møtes og får ei unik oppleving. I Hordaland har om lag 850 ungdommar delteke på lokale UKM-arrangement i tidsrommet januar - mars i år. Til festivalen denne helga sendte kommunane sine representantar som speglar breidda av det unge lokale kulturlivet. 

Hordaland fylkeskommune har ansvar for arbeidet og utviklinga av UKM i Hordaland og står ansvarleg for avviklinga av UKM – festivalen i Hordaland kvart år.

UKM_bak scena.jpg

BAK SCENA: Stemningen var god bak sceneteppet òg. På biletet: Zofia Konieczka og Frida Solheim som deltok spilte «Girls/Girls/Boys» av Brendon Urie.