Samarbeid som gjer ein forskjell

– Sjølvsagt er eg nøgd med å gå her, seier Walat iBrahim. Han er ein av dei 23 vaksne som takka ja til undervisning som førebur til generell studiekompetanse. «Forkurset» er eit samarbeid mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune, og undervisninga blir gitt på Bergen Katedralskole.

Målgruppa for undervisninga er vaksne på introduksjonsprogrammet, og deltakarane får 30 undervisningstimar i veka over eit halvår. Undervisninga er ei førebuing til toårig utdanning for å få generell studiekompetanse og starta i januar 2019.

Vi ønskte å finne ei løysing som gir ein smidig overgang frå norskopplæring og introduksjonsprogram og over i vidaregåande opplæring, fortel Sigrid Sve Låstad, avdelingsleiar for Senter for voksenopplæring ved BKS.

Stinn brakke

I alt 23 vaksne har fått plass på forkurset, berre tre av dei er kvinner. Oppslutninga i klassen er svært god, sjølv om nokre få elevar har revurdert sine planar for utdanning og ønsker å velje yrkesfag i staden for generell studiekompetanse.

– Her er det «stinn brakke», seier ein nøgd senterleiar.

Undervisning BKS 2019.JPG    
God stemning i klasserommet.
 

Norsklærar Helene Winsents er i sving med undervisninga når vi bankar på døra. Til dagleg har ho sitt virke på Nygård skole, men tek gjerne turen til katedralskolen.

– Det er ein stor fordel for både meg og deltakarane og komme hit. Deltakarane får erfare kva nivå som venter på vidaregåande, og eg kan legge opp undervisninga etter det. Mange er opptekne av å komme inn på vidaregåande, men eg tenker at det er like viktig å fullføre. Då må grunnlaget vere på plass.

Viktig å velje riktig

Winsents ønskjer at vaksne bruker retten sin til å ta vidaregåande utdanning, og at dei har kunnskap nok til å velje. I motsetnad til ungdom får vaksne berre ein sjanse til å velje sluttkompetanse, då er det viktig å velje rett. Nokre få deltakarar har endra planar etter at dei starta på forkurset og ønskjer ein yrkesfagleg utdanning i staden for studiekompetanse. Læraren meiner dette understrekar kor nyttig forkurset er. Men eit fag skil seg ut som særs vanskeleg for minoritetsspråklege vaksne som ikkje har eit forhold til den engelske kultursfæren på førehand.

– Engelsk er vanskeleg å lære. På skulen heime lærte vi ikkje engelsk, vi lærte arabisk, seier Ahmad Makkai.

Han er utdanna jurist frå heimlandet, men utdanninga kan ikkje brukast i Noreg. Ny lov frå 2017 gir ham difor rett til å ta generell studiekompetanse. No går han tilbake til skulebenken for å søkje utdanning som ingeniør.

– Eg veit ikkje heilt kor eg skal arbeide i framtida, så denne gangen vil eg ta ein utdanning som kan brukast i alle land.

 

Vanskeleg å lære to språk

Makkai stiller gjerne opp for saka saman med resten av klassen. Frustrasjonen over kor vanskelig det er å lære engelsk deler han med dei andre.
- Vi lærer ikkje engelsk heime. Når vi kjem her må vi lære to nye språk. Norsk er lett. Men å lære engelsk samstundes …. Vi bruker så mykje tid på det, seier Walat iBrahim.
Hovudintensjonen med kurset er å leggje til rette for at minoritetsspråklege deltakarar skal lukkast og fullføre vidaregåande opplæring. Hensikten er å utvikle ein modell som sikrar ein betre overgang mellom introduksjonsprogrammet og vidaregåande opplæring. Samarbeidet starta våren 2018 på initiativ frå Senter for voksenopplæring ved BKS. Tidlegare tilbaud skulen eit halvårig innføringskurs i forkant av toårig utdanning, men opplevde at mange deltarakarar slutta undervegs.

– Økonomien i dette var ikkje god, korkje for skulen eller den einskilde deltakar som fekk problem med å finansiere ei vidaregåande utdanning som strakte seg over 2,5 år, seier Låstad.

Timeplanen er fordelt med 15 timar til fag på introduksjonsprogrammet som norsk, engelsk, samfunnsfag og tekniske fag. 15 timar blir brukte til studiekompetansefaga norsk, matematikk og naturfag, med særleg vekt på norske faguttrykk og forståing av omgrep.
 

Samarbeid å byggje vidare på

– Vi har brukt tid på å utvikle modellen i dialog med involverte partar. Vi har og vore påpasseleg med å dokumentere prosessen, fordele ansvar og formalisere samarbeidet for å sikre at dette er ein modell vi kan byggje vidare på.

Senter for Voksenopplæring, VO, har oppfølgingsansvar for prosjektet  og legg opp til halvårlege møter for å evaluere og utvikle samarbeidet internt (med faglærarane og representantar for deltagarane) og eksternt (med introduksjonssenteret og Nygård Skole). Deltakarane som er i sluttfasen av introduksjonsprogrammet blir plukka ut av Bergen kommune som aktuelle til «forkurset». Det er ein føresetnad at dei har livsopphald, men og føresetnader for å lukkast med studiekompetansefaga.
- Språkkunnskapar i norsk og engelsk er ein føresetnad for å lukkast, og vi gjennomfører språktestar før inntak. Vi ser at engelsk er særleg vanskeleg for ein del minoritetsspråklege, men samstundes er det ikkje mogeleg å klare seg utan engelsk dersom ein skal utdanne seg i Noreg.

 

– Vi ønskjer ikkje noko testregime – vi ønskjer at vaksne som tek utdanning skal lukkast! avsluttar avdelingsleiaren.

Samarbeid med Nygraard skole 2019.JPG    

Gnistrande samarbeid. – Ikkje minst er det nyttig for lærarar frå introduksjonsprogrammet å samarbeide med lærarar frå vidaregåande opplæring, seier Helene Winsents (til høgre). Her saman med Sigrid Sve Låstad, leiar for senter for voksenopplæring ved Bergen Katedralskole.