Samarbeid med Haugalandet viktig for Sunnhordland

– Eg veit kva musklar Sunnhordland og Haugalandet har for å vere motor i nye Vestland fylkeskommune, oppsummerte fylkesordførar Anne Gine Hestetun dialogmøtet på Stord som gav innspel til den nye fylkeskommunen.

Politikarar, kommunar, næringslivet og bygdefolk møtte fram for å gje synspunkta sine på dialogmøtet på Stord vidaregåande skule i Leirvik. Dette var og det siste av fem dialogmøte i dei to fylka som skal bli eitt frå 1. januar neste år.

Hestetun oppsummerte at ho kjenner det nye storfylket ganske godt.

– Det er mykje meir likt enn ulikt. Forskjellen er at Hordaland har Bergen som storby. Vi har ikkje tilsvarande forskjell i Sogn og Fjordane. Men det å ha Bergen som god motor, vil bli til beste for oss alle. Vi skal få til det nye fylket på ein god måte, og eg trur at Rogaland kjem med på eit visst tidspunkt, sa Hestetun.

IMG_6396N1000.jpg

SV-politikar Kjellbjørg Lunde stilte spørsmål om kva politikarane vil prioritere av samferdslesakene.

Sterkt engasjement 

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane merka seg det sterke engasjementet for samarbeid over fylkesgrensa med Rogaland.

– Grenseproblematikken engasjerer. Det er viktig for oss å vere klar over samarbeidet mellom Sunnhordland og Haugalandet. Det er viktig korleis vi skal prioritere og ta omsyn til det. Vi har og fått klare tilbakemeldingar på at Rogaland må bli med i den nye fylkeskommunen, sa Følling.

Ordførar i Stord kommune, Gaute Epland, sa at entusiasmen for samanslåing har vore avgrensa og delt i Sunnhordland.

– Spesielt når ikkje Rogaland blir med. Mange spør etter kva vi vinn på samanslåing, men eg er ikkje av den oppfatning. Dette er første steget på å samle Vestlandet til ein kraftfull region, men vi må ha med oss uroen over at Rogaland ikkje blir med. Vi ventar å bli prioritert og rekna med i det nye fylket, og at Rogaland blir med i neste omgang. Vi har ei klar forventing om at viktige funksjonar blir lagt til Sunnhordland, ikkje berre til Bergen og Sogn og Fjordane. Samferdsel, næring og opplæring er lagt til Bergen. Minst eitt av desse bør bli lagt til Sunnhordland, sa ordførar Gaute Epland på Stord.

IMG_6431N1000.jpg

Dei to ordførarane, Siri Klokkerstuen i Etne og Gaute Epland på Stord er uroa over at Rogaland ikkje blir med i Vestland fylkeskommune. 

Fylkesgrense til hinder

Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen, var og klar på at Rogaland høyrer heime i den nye fylkeskommunen.

– Fylkesgrensa er i nokon grad til hinder for utvikling på Vestlandet. Då Rogaland ikkje ville bli med, ville vi flytte fylkesgrensa i sør til Bokn, men det fekk vi ikkje gjennomslag for. Vi har ei lang historie saman, og utviklinga skjer trass i fylkesgrensa. Det hadde vore kjekt om grensa forsvann. Vi er avhengige av samarbeid mellom Vestland og Rogaland, mellom Stavanger og Bergen. Det er dette det grensesprengande samarbeidet handlar om, sa Klokkerstuen.

IMG_6403N1000.jpg

Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, ville ha Hordfast og betre veg mellom Sunnhordland og Bergen.

Har levd av havet i tusenvis av år

Ordførar i Bømlo kommune, Odd Harald Haugland har tru på næringslivet i regionen.

– Vi snakkar mykje om havrommet. Vi har levd av havet i tusenvis av år. Havet og sjøen har gitt oss muligheter. Vi er sterke på tradisjonelt fiskeri, og vi er sterke på oppdrett og havbruk. Dette har skapt innovasjon og gründeraktivitet. Austevoll er desidert den største fiskerikommunen i Noreg. Bømlo er ikkje langt bak. Men vi har mykje meir enn fiskeri og oppdrett. Vi har industri som er nisjespesifikt, spesielt maritime og marine næringar. Vi er senter, drivkraft og dynamo for leverandørretta oljeindustri i Noreg. Jordbruk og husdyrhald er framleis viktig i regionen. Og vi har tenkt miljøvennleg lenge. Maritim CleanTech er NCE-klynge som er blitt eit vinnarlag med over 100 partnarar i heile Norge. Dei står for dei mest innovative energiløysingane i augneblinken. Framtida i Sunnhordland er fornybare energiløysingar, sa Odd Harald Hovland.

IMG_6388N1000.jpg

Politikarpanelet leia av påtroppande fylkesrådmann Rune Haugsdal (t.v.): Anne Gine Hestetun (vidare f.v.) Jenny Følling, Pål Kårbø, Bjørn Hollevik, Åshild Kjelsnes, Sigurd Reksnes, Silja Ekeland Bjørkly og Terje Søviknes. 

– Hordfast må på plass

Ordførar Kåre Martin Kleppe i Tysnes er oppteken av gode samferdslar.

– Hordfast er eit ekstremt viktig prosjekt for regionen vår. Det må på plass. Det er eit av dei mest samfunnsnyttige prosjekt i Nasjonal Transportplan (NTP). Fylkeskommunen må vere pådrivar for å få det på plass. Vi må og få gode tilførslevegar til Hordfast, slik at flest mogeleg får nytte av prosjektet. Vi er spent på kvar kryssinga av Langenuen skal kome, sa Kleppe.

Ordførar Hovland i Bømlo er og klar for Hordfast.

– I 2001 vart vi kopla sørover via Trekantsambandet. No må vi og bli kopla til nordover for å få til ein god region, sa Hovland.

Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, vil og ha Hordfast.

– Får vi ikkje Hordfast, blir vi dreia sørover. Då kjem vi like snart til Karl Johan som til Bergen sentrum, sa Tislevoll. 

Gul midtstripe først 

SV-politikar Kjellbjørg Lunde kravde svar frå politikarpanelet om kva dei prioriterte innan samferdslane.

Terje Søviknes svara at dei må satse på Hordfast, men og godt samband aust-vest.

Silja Ekeland Bjørkly vil bygge Hordfast for både folk og næringsliv, men og E134 som er ein av dei viktigaste vegane aust-vest.

Åshild Kjelsnes sa at E39 er viktig, men det overordna må vere å få trygge vegar og unngå ras.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, har jobba med E39 heile livet.

– Den er viktig å bygge ut, men i Sogn og Fjordane har vi sagt at vi vil ha gul midtstripe først. Likevel må vi og ha ein overordna visjon om at ferjefri E39 er viktig. Den bygger saman Vestlandet, sa Jenny Følling.