Rosar elevane for klimaengasjementet

– Dette er eit flott engasjement av ungdommen i Bergen, Hordaland og verda for klima. Vi må vere fleksible slik at elevane ikkje får fråvær i ei så viktig sak, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då fylkesutvalet behandla klimaaksjonen til elevane.

Torsdag 14. og fredag 22. mars mobiliserte fleire tusen skulelevar til klimastreik i skuletida. Nokre av dei fekk ulovleg fråvær, mens andre fekk gyldig fråvær. Eit samrøystes fylkesutval ber om at det blir utarbeidd klare reglar for fråvær i slike tilfelle og at alle skulane blir gjort kjende med dei.

Fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal, opplyser at dette engasjementet kan inngå som ein del av undervisingsopplegget, slik at eleven ikkje får fråvær.

Likebehandling 

Fylkesordføraren er tydeleg på at alle elevar må behandlast likt.

– Klima- og miljøtrusselen er den største utfordringa vi står overfor. Eg ønskjer at vi gjer ei presisering om fråvær for å få likebehandling av elevane.  Slikt fråvær må vere knytt opp mot undervising og tillitsverv. Denne kampen er så viktig at vi må gjere vårt ytste slik at ungdommen og engasjementet blir teke på alvor, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fylkesutvalet vedtok at det skal gå ei ny melding til alle skuleleiararar med grunngjeving slik at alle elevar kan bli likebehandla.

Skal utarbeide ny sak

Slik lyder vedtaket i fylkesutvalet som er oversendt administrasjonen i Hordaland fylkeskommune. Ei sak om dette skal leggast fram til neste møte i fylkesutvalet torsdag 2. mai.

«Torsdag 14. og fredag 22.mars mobiliserte fleire tusen skuleelevar til klimastreik. Kravet frå ungdomane er klårt og tydeleg, dei forventar at det vert tatt ansvar for å få ned klimagassutsleppa. Vi må gjera  endå meir enn i dag for å nå 1,5-gradersmålet, og difor er det inga overrasking at ungdomane stiller krav til dagens politikarar og andre som kan medverka til det grøne skiftet og ei berekraftig utvikling.

Elevdemokrati og ungdomsmedvirkning er viktig for Hordaland fylkeskommune. Det er ei målsetting at ungdomar skal kunne delta i politisk arbeid og påverka politiske prosessar. Derfor er det uheldig at dagens nasjonale fraværsregler vert opplevd som lite fleksible og at det legg avgrensingar på dei unge sitt engasjement. Sjølv om det finst ei rekkje saker som ungdom engasjerer seg i, er klimakampen i ein eigen kategori. Det vil vera vanskeleg å skulla skilja mellom ulike saker og aktivitetar, men det er liten tvil om at klimakampen er ei av dei viktigaste sakene for ungdom i åra som kjem. 

Fylkesutvalet vil oppmoda dei vidaregåande skulane om å leggja til rette for at elevane kan engasjera seg i viktige samfunnsspørsmål og at ein syner fleksibilitet ved praktiseringa av fråværsreglane. Når det gjeld dei aktuelle markeringane, så bør ein kunna finna ei løysing slik at elevar som deltok her ikkje vert registrert med fråvær.

Fylkesutvalet ber om at det vert lagt fram ei sak om dette til neste møte.»