Rektor skal avgjere fråvær ved klimastreik

Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke reglar som skal gjelde når elevane i vidaregåande skule streikar for betre klima. Den enkelte rektor skal avgjere om eleven skal få gyldig fråvær.

Det nasjonale regelverket gjev ikkje rom for eit generelt fritak for føring av fråvær i den vidaregåande skulen for elevar som streikar for klima. Difor har fylkesutvalet vedteke at den einskilde rektor får høve til å vurdere om enkeltelevar har hatt ei rolle i klimaaksjonen som kan gje grunnlag for fritak for føring av fråvær. 

Dette vart vedteke med åtte røyster: H, Frp, Sp, V, og ei røyst frå KrF.

Dokumentert politisk arbeid 

Marthe Hammer (SV) fremja eit eige forslag om at dokumentert politisk arbeid kan unntakast frå fråværsgrensa og frå føring på vitnemålet, og at elevar som deltok i klimastreiken 14. og 22. mars ikkje skal få ugyldig fråvær.

Dette forslaget fekk dei sju røystene til SV, A, og ei frå KrF, og fall.