Utfordringar og styrker

Verdiskaping og innovasjon blir sett som den største styrka og samferdsel og infrastruktur den største utfordringa i Bergen og kringliggande kommunar. Dette viser spørjeundersøkinga som i dag blei presentert på det første av fem dialogmøte om viktige vegval for det nye vestlandsfylket.

I forkant av dialogmøtet har fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane utarbeida ein rapport og laga ei spørjeundersøking, som skal gi innspel til styrkar og utfordringar i forhold til samfunnsutviklinga. Resultata frå spørjeundersøkinga som gjeld Bergen og omegn, blei i dag presentert på det første dialogmøtet på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

Spørjeundersøking

Spørjeundersøking er retta retta mot kommunar, bedrifter, kulturinstitusjonar og frivillig sektor. Den viser at i Bergen og omegnskommunane blir samferdsel og infrastruktur, klima og miljø og kultur og fritidstilbod sett som dei tre største utfordringane. Dette gjeld mellom anna etterslep i vedlikehald av vegane, lokal forureining og det å få eit kultur- og fritidstilbod som sikrar inkludering.

Når det gjelder styrkar blir verdiskaping og innovasjon, kultur og fritidstilbod og bedrifter og arbeidsplassar rangert som topp tre. Undersøkinga viser at sterk omstillingsevne, eit variert kulturtilbod og mange lokale arbeidsplassar blir sett som kvalitetsteikn i Bergen og omegnskommunane.

Undersøkinga er ikkje representativ, men er laga for å gi innspel til styrkar og utfordringar i forhold til samfunnsutviklinga i dei fem områda der dialogmøtane blir arrangert. Møtet i dag var for kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Os, Fusa, Samnanger og Vaksdal.

Stor befolkning og stor vekst

På dialogmøta skal politikarane møte innbyggarar, kommunar og aktørar i regionane. Målet er å få innspel til planstrategien for det nye Vestlandsfylket. På møtet i dag blei relevante tema for Bergen og omegn i den nye rapporten «Vestland – statistikk og utviklingstrekk» presentert. Tilsvarande presentasjonar vil bli gjennomført på alle dei fem dialogmøta.

Rapporten viser at innbyggartalet i det nye storfylket vil bli over 630 000. Det klart mest folkerike området vil vere i Bergensregionen. Spesielt kommunane rundt Bergen har opplevd mykje vekst i både folk og busetting dei siste fem åra.

Bur tettare

Rapporten viser òg at fleirtalet av befolkninga i fylket bur i tettstadar og at fleire bur tettare no enn tidlegare. Sentraliseringa er venta å auke i dei kommande åra. Fram mot 2040 vil 80 prosent av innbyggjarane bu i 12 av dei 43 kommunane i Vestland.

Samtidig opplever området ein aukande del av befolkninga blir eldre. Dette kan vekke bekymring dersom det ses i samanheng med den fallande sysselsettingsgraden. Frå 2008 til 2017 har del sysselsette i alderen 15 til 74 år gått ned med kring tre prosent. Dette inneber at det er færre arbeidstakarar til å forsørgje dei som står utanfor arbeidslivet.

Rapporten viser òg at tyngda av arbeidsplassane i Bergen og fleire av dei næraste kommunane er i tenesteytande sektor mens Fusa kommune er sterkast på industri.

Fleire med berre grunnskule

Når det gjeld utdanningsnivå har det vore vekst i delen som har høgare utdanning. Kvar tredje innbyggjar i nye Vestland fylke har høgare utdanning. Samtidig har delen som har grunnskule som sitt høgaste utdanningsnivå gått opp. Dette kan sjåast som ei negativ utvikling ettersom krava til kompetanse blir viktigare i framtidas arbeidsmarknad.

Barn i låginntekthushaldningar

Den nye rapporten viser òg at ein av ti barn og unge frå 0 til 17 år bur i hushaldningar med låg inntekt . Dette er ei utvikling som har auka dei siste ti åra.