Radøy er årets kulturkommune i Hordaland

Radøy kommune er kåra til årets kulturkommune i Hordaland for si langsiktige satsing på kulturlivet. Som fylkesvinnar er Radøy Hordaland sin kandidat i den nasjonale kåringa.

- Radøy kommune har gjort ei god innsats med å løfte i bredda og samstundes spisse. Dei legg til rette for mange ulike aktivitetar og har klart å få med seg mange frivillige som er med på å gjere Radøy til Hordalands kulturkommune 2018. Dei er ei velfortent vinnar og vi ønskjer dei lykke til i den kommande nasjonale kåringa, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun, då ho på fylkestinget i dag kåra Radøy til årets kulturkommune.

- Vi er svert begeistra for å ha fått prisen, og eg vil berømme samspelet som har vært mellom dei frivillige og kommunen, seier ordførar Jon Askeland i Radøy kommune, som tok i mot prisen.

Han sa vidare at kommunen til tross for tronge budsjett gjennom fleire år aldri kutta i overføringane til kultur og idrett.

- Dette gode arbeidet skal vi vidareføre til kulturarbeidet i nye Alver kommune og kåringa er med på å  inspirere oss til det, seier Askeland.

Breidda av det lokale kulturlivet

Juryen ser kultursatsing i Radøy som eit lokalt samskapande løft, noko som har skapt eit kulturtilbod og kulturformidling som er inkluderande og innbydande – brei og spissa.

Årets kulturkommune blir arrangert av Norsk kulturforum (NOKU) annan kvart år. Prisen er ei anerkjenning av kommunar som jobbar godt med heile breidda av det lokale kulturlivet, der både offentlege, frivillige og private aktørar er med. Fylkesvinnaren er no med i den nasjonale konkurransen om å bli «Årets kulturkommune».

Juryen sett saman av leiar av NOKU Hordaland, Lennart Fjell; fylkesdirektør kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Løftar i flokk

I kåringa har juryen lagt vekt på kommunen sin langvarige satsing, trass tronge økonomiske rammer. Satsinga har lagt grunnlaget for at kommunen saman med lag og organisasjonar har fått til eit kulturelt løft som dei kan vera stolte av. Som følgje av dette har kommunen i dag eit variert kulturliv både i breidde og kvalitet, noko som dels var mangelvare før satsinga starta. Juryen ser kulturkommunen si satsing som eit godt døme på eit samfunn som løftar i flokk.

Juryen framhevar den samla og tydelege satsinga på lokalt kulturliv, og at dette gjer at kommunen ofte lukkast med utviklingsprosjekta sine. Juryen ser at denne gode politiske forankring ber frukter, og vektlegg dette i si vurdering til prisen.

Korps i verdsklasse

Kulturtilbodet i Radøy har eit mangfald i breidde, men kan òg skilte med kulturverksemd i verdsklasse. Dette gjeld særleg korpsmiljøet. Kommunen har landets største oppslutnad om korps i høve innbyggjartalet, med tre skulekorps og tre vaksenkorps, og med elitekorpset Manger musikklag i spissen. Dette korpset hevdar seg i verdseliten for brassband, noko som skaper verdifulle ringverknader for både kommunen og landet.

Store arrangement

I Radøy kommune blir det òg arrangert fleire store kulturarrangement som kvart år trekk tusenvis av folk. Eit godt samarbeid mellom kommunen og dei lokale kulturorganisasjonane er her sentralt. Kulturdagane, som blir arrangert annan kvart år, utgjer eit yrande liv og stor breidde i aktivitetar og tilbod. Radøy er dessutan kommunen som har flest arrangement i Kystsogevekene. Desse samlar over 2000 publikummarar kvart år.