Produserer sol-straum på taket til Arna vgs

Som første skule i Hordaland lagar Arna vidaregåande skule eigen straum, med 560 solcellepanel på taket. Og det er ikkje berre lågare straumrekning som kjem godt ut av prosjektet.

– Dette er eit av fleire tiltak for å gi fylkeskommunen sine bygg meir miljøvenlege energikjelder.  Andre tiltak er bruk av jordvarme, flisfyring og fjernvarme, seier Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør i Hordaland fylkeskommune.

560 solcellepanel er plassert på skuletaket. Den forventa årlege produksjonen er 108 700 kWh – eller nok til å dekkje det årlege straumforbruket til om lag sju rekkjehus.

Det vil dekke 21 prosent av straumforbruket på skulen. Ein utfordring er at når straumproduksjonen er størst, midt på sommaren, er også skulen sitt energibehov på det lågaste. Då er planen å selje overskuddet til straumnettet.

Solcellestraum på Arna vgs er berre starten.

– Vi har tilsvarande planar om solceller både for nytt fylkeshus og nye Askøy vgs, fortel Fjærestad.

Levetid på 30+ år

Investeringskostnadane er om lag tre millionar kroner for begge anlegga, med ei forventa paybacktid på 18 år, om straumprisene held seg på 1,1 kr/kWh.

– Solcellepanelet har ei forventa levetid på over 30 år, fortel Meng-Chieh Yang, frå  eigedomsavdelinga.

Ho ha vore primus motor for prosjektet, og er utdanna master elektronikkingeniør innan materialevitskapog nanoteknologi med solcelle og forbetra effektivitet som spesialområde.

– Ideen kom då det var snakk om å renovere Arna vgs. Då var det lett å sette opp solceller samtidig, og vi fekk støtte og pengar frå klimaseksjonen, fortel ho.

Yang lagde ein plan, og sette opp kravspesifikasjon og vurderte tilboda i lag med ei gruppe frå eigedomavdelinga Dei landa til slutt på Solcellespesialisten frå Fredrikstad.

Meng-Chieh Yang.JPG

Meng-Chieh Yang er ein av hjernane bak solcelleprosjektet.

Solcelle på timeplanen

Straumproduksjonen skal etter kvart også innlemmast i undervisninga på skulen.

– Vi ser for oss at det kan bli knytt opp mot kompetansemål i fleire fag, som naturfag. Der skal elevane lære om korleis solceller fungerer og dei skal kunne gjere enkle forsøk med dei. Her vil det bli kort veg frå teori til praksis, seier rektor Marianne Rolland Løvskar.

På skulen er det plassert ein skjerm der alle etter kvart kan følgje med live straumproduksjon, og eit overvakingssystem som kan trekke ut data for analyse. 

Nok sol!

Men til slutt, er det nok sol i Arna?

– Ja! Tapt solenergi grunna horisont er berre 2,4 prosent ved Arna vgs. Og cellene kan produsere straum i skuggen, smiler Meng-Chieh Yang.