Opplett UB er beste ungdomsbedrift i Hordaland

Opplett ungdomsbedrift ved Amalie Skram videregående skole stakk av med den gjevaste prisen i konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland. 86 ungdomsbedrifter deltok i konkurransen.

Dei fire elevane Mathias Bjørgo, Lena Jensen Tveit, Kristina Mowatt Storm og William Øquist får dermed representere Hordaland under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 25. - 26. april.

 – Dette er heilt uverkeleg. Ingen av oss hadde sett for oss at vi ville vere her for eit par månader sidan, men no har vi ambisjonar om å hevde oss i NM, sier dei flinke elevane.

Opplett UB ungdomsbedrift designer, produserer og sel vasstette berenett laga av gjenbruksmaterialar. Produktet er laga av gjenbrukt regntøy som har gått ut av bruk. Kvart berenett er unikt og handlaga.

Unik idé – full kontroll  

– Ungdomsbedrifta har er ein unik idé med full kontroll på heile verdikjeda, seier juryleiar Henning Warloe og legg til: – Produktet er sirkulærøkonomi i praksis. Dei har levert ein god presentasjon og rapport. Juryen er imponert over refleksjon, kreativitet, vilje og gjennomføringskraft. Med vekt på kortreist produksjon hos lokale attføringsbedrifter, er utfordringar blitt løyst, og produktet er skalerbart, seier Warloe.

UBGeitUBSotraN10010B03363.jpg

Greit med Geit UB frå Sotra vidaregåande skule lagar unike smakfulle produkt av geitekjøtt og skal til NM i ungdomsbedrifter på Lillestrøm. Dei gjekk til topps i kategoriane gastronomiprisen, rekneskapsprisen, beste yrkesfaglege bedrift og berekraftprisen.

Til NM på Lillestrøm 

Fire andre ungdomsbedrifter imponerte dommarane ekstra, og sikra seg gullbillett til NM på Lillestrøm: 

  • Greit med Geit UB frå Sotra vgs med unike smakfulle produkt av geitekjøtt.
  • SafeSpace Dogtraining UB frå Stend vgs som arrangerer kurs og aktivitetar for hundar.
  • Ungt Perspektiv UB frå Bømlo vgs som tar på seg marknadsføringsoppdrag retta mot ungdom.
  • Urtehagen UB frå Fitjar vgs som produserer ulike produkt frå eigen urtehage.
UBUrtehagenFitjarN1000B46577.jpg

Urtehagen UB frå Fitjar vidaregåande skule lagar ulike produkt frå eigen urtehage og kvalifiserte seg og til NM-finalen på Lillestrøm. Dei hadde beste utstilling.

440 elevar – 87 ungdomsbedrifter 

Ungt Entreprenørskap Hordaland er arrangør av konkurransen. 440 elevar i 87 ungdomsbedrifter  i den vidaregåande skulen i Hordaland deltok.