Opna nytt kraftsenter for sveis

– Det nye Vestland fylke er eit viktig industrifylke. Vi bør ta ei leiande rolle innan grøn konkurransekraft, digitalisering og kompetanseutvikling, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han opna det nye Kraftsenter for sveis på Kokstad.

Det nye kraftsenteret for sveis er eigd av TESS som er ein landsdekkande leverandør av tenester til drift og vedlikehald. Hovudmarknaden er industrikundar on- og offshore i Noreg og utlandet.

– Gratulerer med opninga av Kraftsenter for Sveis» som er eitt av fleire kraftsentre som no skal etablerast over heile landet. Senteret skal tilby kompetanse til industrien innan offshore og vanleg verkstadindustri, sa Kårbø.

Møteplass

Senteret er etablert på Kokstad, ved hovudkontoret for Tess Vest og blir ein møteplass og eit forsterka tilbod innan kunnskap, utstyr og tenester for aktørane i denne marknaden. Hovudtyngda er verftsindustri, større industribedrifter og anna offshoreverksemnd.

KraftSveisB2042N1000.jpg

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø fekk teste kor flink han er til å sveise i den nye sveisesimulatoren.

Må samarbeide

– Den teknologiske utviklinga går så fort, at dersom næringslivet på Vestlandet skal lukkast i konkurransen, så må vi samarbeide og dele kunnskap i mykje større grad enn tidlegare. Derfor er mottoet dykkar; Vi blir betre saman, veldig treffande og riktig, sa Kårbø.

Satsing i Noreg 

Fylkesvaraordføraren peika på at automatisering og digitalisering gjer at stadig fleire sveisearbeid blir utført i Norge, i motsetnad til i land med lågare produksjonskostnader.

– I denne samanhengen må kompetansen hevast innan bransjen. Den tradisjonelle sveisaren blir no i aukande grad erstatta av sveisarar med digital spisskompetanse. Kraftsenteret satsar på kompetanseutvikling. Ny teknolog og auka digitalisering gjer at kompetansen til dei tilsette må vidareutviklast. Senteret skal tilby kurs og opplæring. Det er veldig positivt at næringslivet sjølv tar ansvar for dette. Så er det og flott at Tess har lokalitetar og tilsette mange stader rundt om i nye Vestland, mellom anna eigen butikk inne på verftet til Leirvik AS, verdens største produsent av bustadplattformer offshore, sa fylkesvaraordføraren.

Få tilgang til kompetanse 

Kårbø sa at kompetansepolitikk blir eit viktig satsingsområde for nye Vestland fylkeskommune.

– Vi ønskjer å bidra til at næringslivet får tilgang til den kompetansen dei treng, for å innovere og ekspandere. Fylkeskommunen er eigar av dei vidaregåande skulane og fagskulen, og vi er opptatt av at den kompetansen dei uteksaminerte kandidatane har tileigna seg, samsvarar med dei behova næringslivet har. Vi treng her eit tett samarbeid og dialog med næringslivet, både gjennom fleire læreplassar, utstyr og testlokalitetar. Kom gjerne med innspel til kva de treng av kompetanse når vi skal utforme våre utdanningstilbod, sa Kårbø i talen under opninga. 

Fagskuletilbod innan sveising 

Pål Kårbø slo og eit slag for fagskulane.

– Fylkeskommunane har gjennom fagskulane ansvaret for å tilby godkjent fagskuleutdanning som tar omsyn til lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov, innanfor prioriterte samfunnsområde. Dette er yrkesretta høgare utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga er ofte tilrettelagt slik at den kan takast av studentar som er i jobb. Utdanninga gjev kompetanse som kan takast i bruk direkte i arbeidslivet. Avansert sveising og sveiseteknologi bør vere eit fagfelt som ligg godt til rette for ei høgare yrkesfagleg utdanning gjennom eit fagskuletilbod. Vi vil gjerne samarbeide om eit slikt tilbod dersom det er av interesse for næringa, sa Kårbø som og gav honnør for satsing på berekraftmåla til FN.

– Det lovar godt for framtida. Kundane set i stadig større grad krav til grøn produksjon og grøne tenester. Framtidas bedrifter må difor ta berekraftmåla på alvor. Vi må alle prøve å strekke oss litt ekstra for å nå desse måla, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø.