Ønsker tettare næringssamarbeid med Kina for gründerar

Korleis kan norske gründerar og startup-selskap samarbeide med kinesisk næringsliv og kome seg inn på den kinesiske marknaden? Det var spørsmålet delegasjonen med representantar frå næringshagane og inkubatorane i fylket, samt Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune søkte svar på i Kina førre veke.

– Det viktig for gründerane våre at vi opparbeider kunnskap om den kinesiske marknaden og at vi identifiserer kven som kan hjelpe til på vegen mot samarbeid med kinesisk næringsliv, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Den vestnorske delegasjonen reiste til byane Beijing og Shanghai. Undervegs besøkte dei den norske ambassaden, Innovasjon Norge, norske bedrifter som er etablert i Kina og kinesiske bedrifter. På ambassaden blei det sagt at dette var den første delegasjonen som representerer gründarar og oppstartsbedrifter. Vanlegvis handlar besøka om dei store norske bedriftene som er etablert i Kina.

Produserer høgtrykkspylarar

– Delegasjonen såg òg på moglegheita for å legge produksjon til Kina på område det ikkje er mogleg å produsere til konkurransedyktige prisar i Norge, seier Sætre.

Eit av besøka gjekk til den norske gründerbedrifta Swantech som allereie har eit etablert næringssamarbeid med Kina. Askøyfirmaet produserer sine høgtrykksspylarar på fabrikkar i Kina.

Sætre understreker kor viktig det er å lære om dei kinesiske tilhøva, ettersom kulturen og systemet er heilt forskjellig frå vårt. På programmet var det òg lagt inn eit møte med norske advokatar. Dei fortalte om juridiske forhold som må vere på plass når ein inngå avtalar med kinsesiske aktørar.

Kitar og grøn energi

Ein av dei som var med til Kina var Jan Fredrik Fleischer Tønjum, seniorrådgjevar i Næringshagen på Voss. Han jobbar no med å kople gründeraktivitet på Voss med kinesiske aktørar når det gjeld kapital, produksjon og utvikling av produkt.

– Ei av bedriftene våre, gründerverksemda Kitemill, ønskjer å produsere sine høgtflygande kitar som kan lage straum i Kina. Dette inneber å satse på og utvikle grøn kraftproduksjon. Dette er eit felt kinesarane er svært opptatt av og langt framme på, seier Fleischer Tønjum

Han skal no bruke det han har lært til å spreie kunnskap om Kina til næringslivet i sin region.

– Vi ønskjer å fortelje om moglegheitene for teknologisk utvikling, om den svært gode teknologiske kompetansen til kinesarane og om den framoverlente haldninga deira. Dei er ekstremt kundeorienterte og opptatt av å bygge relasjonar. Dette er noko vi kan la oss inspirere av, seier Fleischer Tønjum. Han legg til at opphaldet i Kina òg var viktig med tanke på å bygge eit større nettverk, både mot kinesiske aktørar og mot aktuelle samarbeidspartnarar på Vestlandet, som Innovasjon Norge og Hordaland fylkeskommune.

Vil gi rask flyt inn i marknaden

Med i delegasjonen var òg representantar frå investorsida, mellom anna Dag Skansen. Han er styreleiar i Connect BAN Bergen, eit investornettverk med 55 investorar. Connect BAN Bergen samarbeider tett med fylkeskommunen og næringshagane i Hordaland. Skansen ser store moglegheiter for startup- og gründerbedrifter framover.

– Vi fikk med oss nokon hundre vistittkort. No arbeider vi med å kartlegge kven vi kan tenke oss å jobbe med og kva vi vil gjere vidare. I løpet av reisa snakka vi med ulike kinesiske miljø som vi ønskjer å samarbeid nærmare med når det gjeld startupbedrifter. Dette inneber å sjå korleis vi kan gi startupbedriftene rask flyt inn i ein kjempestor marknad, seier Skansen.

Nettverket Inunet, som arrangerte reisa, består av næringshagane og inkubatorane i innanfor grensene til nye Vestland fylkeskommune. Innovasjon Norge Vestland og Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar er ein del av dette nettverket.