Offentlege utbyggjarar i Hordaland ønskjer å redusere byggeplassutslepp

– Offentlege verksemder gir dermed eit samla tydeleg signal til bransjen om at dei òg må arbeide for å reduserer utsleppa, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Fleire store offentlege utbyggjarar i Vestland har gått saman om eit felles initiativ med ambisjon om å gjere bygge- og anleggsplassane utsleppsfrie. Dei som står bak initiativet vil stille krav om bruk av utsleppsfrie teknologiar, prosessar og løysingar knytt til drift av bygge- og anleggsplassar etterkvart som utsleppsfri teknologi og kunnskap blir tilgjengeleg i marknaden. Verksemdene vil vere pådrivarar for denne utviklinga.

Verksemdene som har slutta seg til dette er Bergen kommune, Osterøy kommune, Hordaland fylkeskommune, Universitetet i Bergen, Helse Førde, Bane NOR, Sammen, Bybanen Utbygging og Statsbygg. Initiativet er lagt til rette av Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Klimapartnere Vestland og Nasjonalt program for leverandørutvikling.

Leverandørane er gjort kjende med erklæringa gjennom ei sams kunngjering i databasen for offentlege innkjøp i Noreg, Doffin. 

Byggherre for milliardbeløp

Bygge- og anleggsplassar nyttar i hovudsak fossil energi og står for ein stor del av forureining og klimagassutslepp. I tillegg er dei ei vesentleg kjelde til luftforureining og støy.

Det offentlege er ein stor byggherre og lyser årleg ut konkurransar i marknaden for store milliardbeløp. Hordaland fylkeskommune hadde i 2019 eit investeringsbudsjett på 4,3 milliardar kroner, mens Bergen kommune har planar om å investere for 3,5 milliardar kroner. Dei fleste investeringane går til bygg og anlegg.

Utgjer 10 prosent av klimagassutsleppa

For Bergen svarte klimagassutslepp frå dieseldrivne motorreiskapar (anleggsmaskinar og traktorar) til 10 prosent av dei totale klimagassutsleppa byen hadde i 2017.   

Sjølv om materialbruk i bygg og anlegg har endå større klimafotavtrykk, er det grunn til å prøve å få anlegg til å bli så fossilfrie som mogeleg og også heilt utsleppsfrie på sikt.

Utvikling i teknologi og marknad

Det har i det siste kome fleire utsleppsfrie løysingar på marknaden. Likevel er det pr idag ikkje mogeleg for byggherrar å nytte heilt utsleppsfri teknologi innan transport til og frå byggeplass, til byggvarme og byggetørk. Det same gjeld anleggsmaskiner på sjølve byggeplassen. Per i dag er det berre dei mindre maskinane som kjem med utsleppsfrie alternativ. Større maskinar har førebels få alternativ utanom berekraftig fornybar diesel.

For å kunne stille realistiske krav er det viktig å legge til rette for at slike løysingar blir tilgjengelege framover, slik dialog med marknaden og ei rekke støtteordningar kan bidra til.

– Føreseielege krav frå oss som offentlege byggherrar gjer at slike utviklingsløp blir mogelege. Utsleppsfrie bygge- og anleggsplassar vil utan tvil vere ein viktig medverknad frå bransjen for at Noreg skal klare pliktene landet har etter Paris-avtalen, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Felles og rettleiande kunngjering frå fellesinitiativet for fossilfrie/utsleppsfrie bygge- og anleggsplassar i Vestland