Nytt fylkeshus er vedtatt

Fylkestinget vedtok i dag å realisere det vinnande tilbodet for nytt fylkeshus i eigenregi. Huset skal stå ferdig i 2023. LAB entreprenør skal leie prosjektet.

– Dette blir eit fylkeshus med identitet og særpreg. Huset synleggjer fylkeskommunen på ein god måte og vil bli både eit samlingspunkt og eit flott arkitektonisk bidrag i bybiletet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Prosjektet nytt fylkeshus har fått namnet «Penrosetrappen»  er levert frå grupperinga LAB entreprenør, NSW arkitektur, HUS arkitekter, arkitektgruppen Cubus, IARK og Sweco. Huset skal ha passivhusstandard og tilfredsstille den krevjande miljøsertifiseringa BREEAM excellent. Energikjeldene blir fjernvarme og solceller. Det nye fylkeshuset skal vere både eit energieffektivt og eit arealeffektivt hus.

Leieinntektene aukar meir enn kostnadene

Det vinnande prosjektet har auka kostnadene med 137 millionar kroner samanlikna med tidlegare vurderingar slik at kostnaden er 910 millionar kroner inkludert riving. Auken skuldast større areal og høgare marknadspris enn tidlegare antatt. I tillegg er det inkludert kostnader til IT- og AV-utstyr og møblering av fellesareala i kostnaden. Dette er kostnadsrekna til 20 mill. kr. Samla er det ein kostnadsauke på 21 prosent. Grunna det auka arealet og effektiviteten i nybygget er berekna leigeinntekter auka med 25 prosent og dermed meir enn utgiftene.

I regi av fylkeskommunen

Det har blitt vurdert om det er meir hensiktsmessig å realisera nytt fylkeshus gjennom eit aksjeselskap og Deloitte har gjennomført fleire vurderingar knytt til dette. Dei har kome fram til at det er vesentleg skatte- og avgiftsrisiko knytt til å leggje investeringa i eit aksjeselskap. Fylkestinget gjekk derfor inn for at fylkeshuset skal gjennomførast i regi av fylkeskommunen.

Saka vart vedteken mot røysta til representanten frå Raudt.