Ny tannklinikk bind saman nye Øygarden kommune

– Eg hadde aldri trudd vi skulle få nye lokale så fort, seier klinikkleiar Ellen Holmemo ved Øygarden tannklinikk. Fredag 29. mars vart den nye tannklinikken som skal binde saman nye Øygarden kommune opna på Straume.

Den nye tannklinikken erstattar dei tre tannklinikkane på Straume, Sund og Ågotnes og den tidlegare nedlagde på Rong. Plasseringa er i det nye Øygarden lokalmedisinske senter i helselandsbyen på Straume.

– Då fylkestinget vedtok at alle tannklinikkane her skulle slåast saman til ein, stod vi nedst på prioriteringslista, men vi er den første som opnar. Vi hadde ikkje så gode lokale før. No har vi det fint. Vi har fått røntgen på alle stolar og pasientheis for dei som sit i rullestol. Vi er glade for at vi er samla til ein tannklinikk. Det gjer oss meir robuste, seier klinikkleiar Ellen Holmemo.

OygardTannN10000B5846.jpg

– Vi har fått ein moderne tannklinikk med spisskompetanse til beste for alle her, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun under den offisielle opninga og overrekte eit bilete til klinikkleiar Ellen Holmemo.

Fellesskap

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opna offisielt den nye tannklinikken.

– Det er utruleg kjekt at vi får vere ein del av fellesskapet her. Vi har fått ein moderne tannklinikk med spisskompetanse til beste for alle. Tidlegare var det fire tannklinikkar her. No får vi eit samla fagmiljø til beste for innbyggarane. Med god samhandling på tvers blir dette eit tilbod mange vil misunne dykk, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun

Det er 20 tilsette ved tannklinikken, derav åtte tannlegar og tre tannpleiarar. Totalt har tannklinikken 13 behandlingsrom og er ein del av Øygarden lokalmedisinske senter som gjev eit heilskapeleg medisinsk tilbod til innbyggarane. Senteret har eit areal er på 9300 kvadratmeter og har kosta 320 millionar kroner.

OygardTannIB5853N1000.jpg

– Vi har fått ein veldig flott fylkestannklinikk her hos oss, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (t.h.) som opna det lokalmedisinske senteret. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opna tannklinikken.

Helselandsby

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell opna senteret saman med administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

– Dette er ein stor dag. Vi får eit eige lokalmedisinsk senter til beste for innbyggarane våre. Vi kallar dette helselandsbyen. Dette er det største byggeprosjektet i Fjell kommune. Vi har fått eit praktbygg som vi alle er stolte over, og vi har fått ein veldig flott fylkestannklinikk her hos oss, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

OygardTannB5878N1000.jpg

Den nye tannklinikken har 13 behandlingsom.

OygardtannN1000B5824.jpg

Den nye tannklinkken har fått plass i det lokalmedisinske senteret for nye Øygarden kommune.