Ny rekord i kollektivreiser

– Vi er svært glade, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at kollektivtrafikken i Hordaland sette ny rekord i fjor med heile 73 millionar påstigingar. Bybanen aukar mest med heile 18 prosent, men buss og båt har og fin auke.

Talet på påstigingar i kollektivtrafikken i Hordaland aukar med 4,4 prosent i 2018 frå 69,9 til 73 millionar. Av dette reiste 14,9 millionar med Bybanen som aukar med 18 prosent frå 12,6 millionar i 2017. Busstrafikken aukar med 1,4 prosent frå 56,2 til 57 millionar, mens båttrafikken aukar med 39 000 påstigingar til 1,149 millionar. Det utgjer ein auke på 3,4 prosent.

– Vi er glade over å sjå at reisetala aukar og aukar. Vi har satsa mykje på kollektivtrafikken og ser at den er ein stor suksess. Ikkje minst er det tydeleg at Bybanen spelar ei enormt viktig rolle i kollektivsystemet. Dette syner kor viktig det er å sikre den vidare utbygginga, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Mellom 50 000 og 60 000 på Bybanen dagleg 

Trafikken med Bybanen utgjorde i 2018 over 20 prosent av det totale talet på kollektivreiser i Hordaland. På ein vanleg kvardag er det mellom 50 og 60 000 påstigingar på Bybanen. Dei fleste båtpassasjerane reiser i rushtida. Det er vanlegvis god plass på avgangane utanom rush og i helgane. 

Tala for kollektivtrafikken i Hordaland er utarbeidd av Skyss og viser at auken på 4,4 prosent er langt over veksten i folketal i regionen, som i Bergen var på 0,6 prosent, og i Hordaland totalt på 0,5 prosent. 

Endå fleire kjøper mobilbillett

I samband med reduseringa av takstsoner frå 470 til sju 1. august i fjor, kunne alle bussreisande i fylket kjøpe billett på mobiltelefonen. Dette har ført til at talet på selde mobilbillettar har auka frå 60 til 70 prosent. Ikkje noko anna fylke i landet sel så mange billettar på mobiltelefonen.

Tal påstigingar 2018:

Driftsart

2017

2018

Endring i %

Buss

56,2 millionar

57 millionar

1,4 %

Bybanen

12,6 millionar

14,9 millionar

18 %

Båt

1 110 000

1 149 000

3,4 %

TOTALT

69,9 millionar

73 millionar

4,4 %

 

Geografisk   område

2017

2018

Endring i %

Bergensområdet

61,6 millionar

64,5 millionar

4,8 %

Resten av Hordaland

8,3 millionar

8,4 millionar

1,5 %

TOTALT

69,9 millionar

73 millionar

4,4 %