Parkeringsplassane er for pendlarar inn til Bergen som kan setje frå seg bilen og reise kollektivt vidare. Innfartsparkeringa var offisielt opna av varaordførar i Os, Marie L. Bruraøy.
– Med desse 30 nye parkeringsplassane har vi lagt til rette for betre parkeringstilhøve i Os sentrum. Dette vil gje mindre press på Bergen by. Skal du i retning Bergen, ikkje parker i sentrum, men bruk dei plassane vi har her, sa Bruraøy under opninga.
Bygginga av parkeringsplassane er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, som driv kollektivtrafikken i fylket, og Os kommune, som har lagt til rette for bruk av området. Frå fylkeskommune deltok Arve Aasland i samferdselsavdelinga under opninga.
– Eg vil rose Os kommune for aktiv rolle i prosjektet. Det er krevjande med all innfartstrafikken til Bergen. Ofte må vi sjå etter parkeringsplassar utanfor kommunegrensa. At Os kommune har vore så positiv i etableringa er til inspirasjon for andre tilsvarande prosjekt, sa Aasland.