Ny film skal lære deg om folkehelse

Visste du at Hordaland fylkeskommune jobbar for at du som bur i fylket skal vere i aktivitet, ha arbeid, kunne ta utdanning, føle trivsel og vere inkludert i gode fellesskap? Ein ny film viser breidda i dette folkehelsearbeidet.

– Mange har høyrt om folkehelse, men veit ikkje kva det inneber. Vi har laga denne filmen for å vise fylkeskommunen sine viktige bidrag i folkehelsearbeidet og korleis det påverkar bebuarane i Hordaland, seier Mette Nora Sætre som er næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Fleire gode leveår

Folkehelse er ein sentral del av alle arbeidsområda Hordaland fylkeskommune, enten det er næring, samferdsel, tannhelse, opplæring, eigedom, kommunikasjon, plan, kultur og idrett eller organisasjon og økonomi. Filmen som er laga av ungdommar på Hyssingen produksjonsskole er spesielt retta mot unge, men folkehelsearbeidet gjeld alle aldersgrupper.

– Folkehelsearbeidet i Hordaland skal bidra til fleire gode leveår for alle og til å utjamne sosiale helseforskjellar. Vi har mange gode virkemiddel for å få til dette, seier Sætre.

Følger ungdommar

I filmen følger vi ein gjeng ungdommar frå dei avsluttar skuledagen og ut i kvardagen og fritida. Ein skal til tannlegen, ein skal på teaterscena, ein er politisk aktiv og skal i ungdommens fylkesutval, ein skal på fotballtrening og ein skal på deltidsjobb, mens læraren skal ta ferja heim. Hordaland fylkeskommune sitt folkehelsearbeid er med på å legge til rette for alle desse kvardagsaktivitetane.

– Fylkeskommune skal legge til rette for ein meiningsfull og utviklande kvardag for alle som bur i fylket. Vi med på å skape god helse der folk lever, lærer, elskar og bur. Dette er folkehelsearbeid og Hordaland fylkeskommune har her ei sentral rolle, seier Sætre.