Straum og biogass i dei to største busskontraktane i Bergen

Skyss har tildelt kontraktane for å køyre buss i Bergen nord til Tide Buss AS, og Keolis Norge AS har fått kontrakten for Bergen sentrum. Skyss har stilt krav om at dei fleste bussane i nord skal gå på biogass, og at 75 prosent av bussdrifta i sentrum skal vere elektrisk.

– Eg er svært nøgd med at bussene våre no blir endå meir miljøvenlege. Dette er Nordens største anbud på elektriske bussar, og Bergen blir no elbuss-hovudstaden Norden. Klimakrisa er vår tida største utfordring, og eg er glad for at Hordaland fylkeskommune er en del av løysinga, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Skyss utlyste i desember 2018 anbodskonkurranse om to kontraktar for busskøyring i Bergen nord og Bergen sentrum for dei neste ti åra. Dette er dei to største ruteområda for buss i Hordaland. Kontraktane vil først bli inngått etter utløpet av ein karensperiode på 10 dagar.

Tide Buss får kontrakten i Bergen nord

Tide Buss AS er tildelt kontrakten for Bergen nord, som skal gjelde frå 1. oktober 2020 til sommaren 2030. Det var seks tilbydarar i konkurransen (Boreal Buss AS, Keolis Norge AS, Vy Buss AS, Nobina Norge AS, Norgesbuss AS og Tide Buss AS). Ruteområdet som er kalla Bergen nord, omfattar alle busslinjer i Åsane, Arna og Osterøy, inkludert stamlinjene 3, 4 og 5. Bussanlegga som skal nyttast er på Haukås og i Lonevåg. Kontrakten har ein verdi på 330 millionar kroner per år.

86 prosent av bussdrifta i Bergen nord vil bli utført med biogass som drivstoff. Resten av bussdrifta skal nytte anna berekraftig og palmeoljefritt biodrivstoff.

Keolis får kontrakten i Bergen sentrum

Keolis Norge AS er tildelt kontrakten for Bergen sentrum, som skal gjelde frå 1. desember 2020 til sommaren 2030. Det var fem tilbydarar i konkurransen (Tide Buss AS, Norgesbuss AS, Boreal Buss AS, Unibuss AS og Keolis Norge AS). Ruteområdet som er kalla Bergen sentrum, omfattar alle busslinjer som går i Bergensdalen og i retning mot Bergen vest (Loddefjord og Laksevåg) (linje 6-28, 40-linjene, 81 og 82). Bussanlegget som skal nyttast, er på Mannsverk, i tillegg til 35 oppstillingsplassar på Straume på Litlesotra. Kontrakten har ein verdi på 280 millionar kroner per år. 

Lader på Mannsverk

Skyss har stilt krav om at minst 3,5 millionar rutekilometer per år skal driftast elektrisk. Dette tilsvarar om lag 80 elektriske bussar og om lag 62 prosent av rutetilbodet. Bussane skal ladast på bussanlegget på Mannsverk. Ladeinfrastrukturen som skal etablerast på Mannsverk vil utløyse støtte frå Enova på om lag 18 millionar kroner.

I tillegg skal den nye busslinje 6 (Birkelundstoppen-Lyngbø) driftast med trolleybatteribussar. Drifta av desse bussane utgjer om lag 13 prosent av rutetilbodet. Til saman blir 75 prosent av bussdrifta i kontrakten elektrisk.

Det er Tide Buss AS som har hatt kontraktane for Bergen sentrum, Bergen nord og Osterøy sidan 2011.

– God konkurranse

Anskaffinga er gjennomført som ein forhandla prosedyre. For Bergen sentrum er det gjennomført ein forhandlingsrunde med alle tilbydarane. For Bergen nord er det gjennomført to forhandlingsrundar med alle tilbydarane. I konkurransen har Skyss definert klare krav til kvalitet og utslepp, og kontraktane vert såleis gitt til tilbydaren som har lågast pris.

– Vi er svært nøgde med at alle dei store bussoperatørane i Norge har prioritert å leggje inn anbod på desse kontraktane. Dette tyder på at marknaden fungerer, og det har gitt ein svært god konkurranse, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Hordaland fylkeskommune ved Skyss administrerer kollektivtrafikken i fylket gjennom å planleggje, kjøpe og marknadsføre kollektivtransport på buss, bybane, båt og ferje. Dei strenge miljøkrava som er stilt i desse to busskontraktane er basert på vedtak gjort av fylkesutvalet i Hordaland 25. oktober 2018.