Norled vinn kontrakten for båtruta Turistrute Hardanger

Skyss har tildelt kontrakt for båtruta Turistrute Hardanger til Norled AS. Kontrakten vil bli inngått etter utløpet av ein karensperiode på 10 dagar.

Skyss utlyste i mars 2019 anbodskonkurranse for båtruta Turistrute Hardanger for dei neste fem åra, med opsjon på ytterlegare to år. Norled AS er tildelt kontrakten for båtruta.

Utlysinga av konkurransen var basert på vedtak i Fylkesutvalet i Hordaland 6. desember 2018. Fylkesutvalet la til grunn at finansieringa av tilbodet skulle vere eit spleiselag mellom fylket, kommunane og næringslivet i området.

- Vi er svært glade for signala frå Hardangerrådet om at kommunar og næringsliv i området vil bidra økonomisk med opptil 500 000 kroner per år. Dette gjer det mogleg å oppretthalde dette båttilbodet på Hardangerfjorden i sommarhalvåret, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Det var fire tilbydarar i konkurransen (Norled AS, Fjord1 AS, Boreal Sjø AS og L. Rødne & Sønner AS). Kontrakten har ein verdi på 4,36 millionar kroner per år i den ordinære kontraktsperioden (2020-2024) og 4,88 millionar per år i opsjonsperioden (2025-2026).

Norled har scora godt på kvalitetskriteriet i konkurransen. Dei har skissert tydelege planar om å vidareutvikle båttilbodet og auke reisetala, mellom anna gjennom meir samarbeid med andre aktørar i reiselivsnæringa, lokalt næringsliv og kommunar i regionen.

Det er Norled som har hatt kontrakten for Turistrute Hardanger sidan 2014.

Hordaland fylkeskommune ved Skyss administrerer kollektivtrafikken i fylket gjennom å planleggje, kjøpe og marknadsføre kollektivtransport på buss, bybane, båt og ferje.