Minneord over tidlegare fylkesordførar Magnar Lussand (1945-2019)

Fylkesordførar i Hordaland i åra 1992-1999, Magnar Lussand frå Granvin, døydde 24. september 74 år gamal.

Hordaland fylkesting tysdag 1. oktober minnast Lussand med eitt minutts stille. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun las minneorda over den tidlegare fylkesordføraren.

Magnar Lussand var medlem i Hordaland fylkesting for Senterpartiet i sju periodar på rad frå 1984 til 2011. Han var også fire og ein halv periode i kommunestyre.

Først vart han valt inn i Ullensvang heradsstyre i 1976, og var med der i 1976-77 til han flytta heim til garden i Granvin. I fire periodar frå 1980 til 1995 var han medlem i Granvin heradsstyre. I tre periodar, frå 1980 til 1991, var han ordførar i heimkommunen. I 1984 vart han også valt inn i fylkestinget.

I perioden 1984-87 var Lussand medlem i kulturstyret, i 1988-91 var han i fylkeskulestyret og frå 1992 til 2011 var han medlem i fylkesutvalet. Ved årsskiftet 1991/92 overtok han som fylkesordførar etter Ole Dramdal.

I tillegg til det som er nemnt her har han hatt ei rekkje andre kommunale og fylkeskommunale verv, som t.d. Kyststamvegutvalet, Trollutvalet, North Sea Commission, SAVOS, Vestlandsrådet, BKK-styret, Kommunekraft, Samarbeidande kraftfylke, Helse Bergen HF, Hardangerrådet, Hardanger og Voss Reinsdyrlag.

I dei to periodane sine som fylkesordførar stod han for ei traust og solid leiing av fylkesting og fylkesutval. Men han kunne også ha snert i og koma med kontante replikkar. Hans lange politiske røynsle og lune måte å vera på, kom ved mange høve godt med når det floka seg til og vart vel kvast i dei politiske møta.

Lussand var ein allroundpolitikar som arbeidde langsiktig med ei rekkje saker. Det gledde han mykje då Stortinget i februar 2006 vedtok å byggja Hardangerbrua, ti år etter nei-vedtaket. Gleda var ikkje mindre då brua vart opna for vel seks år sidan.

Magnar Lussand fekk i 2003 tildelt Kommunenes sentralforbund sitt heidersteikn for den politiske innsatsen sin. Han er også tildelt gullnåla til Stiftinga Norsk Kulturarv.

Yrket til Lussand var lærar. Han dreiv også eit småbruk med fruktdyrking og ein liten saueflokk på heimegarden. Ein fritidssyssel han helst ikkje gav slepp på, var den årlege reinsjakta på Hardangervidda. Folkedans og skyting var to andre hobbyar han sette stor pris på.

Lussand hadde stor arbeidskapasitet, eit sterkt samfunnsengasjement over eit vidt felt, evne til konstruktivt samarbeid og til å verka samlande. Med hans bortgang har me mista ein markant og særs velvyrd politikarar.

På vegner av fylkeskommunen og heile Hordaland: Takk for den store innsatsen din, Magnar. Me lyser fred over minnet ditt.