Maritimt på Laksevåg - nye skulenamn vedtatt

Den nye sammenslåtte skolen Laksevåg vgs og Bergen maritime vgs  skal heite Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule.  Det vedtok fylkestinget i dag.  Fylkestinget vedtok òg å utsetje saka om nytt namn på Sotra vidaregåande skule til 2022.

Når bygginga av den nye skulen på Laksevåg skal starte, skal Laksevåg vgs bli samlokalisert med Bergen maritime vgs på Nygård i Bergen sentrum, inntil den nye skulen står ferdig.

Sammenslått skule på Straume

Den nye sammaneslåtte vidaregåande skolen på Straume skal stå ferdig i 2025. Fylkestinget må fatte ei avgjerd om navnet innen 2022. Forslaget frå fylkesutvalet var at skulen skulle heite Øygarden vidaregåande skule, men fylkestinget gjekk inn for rådmannen si innstilling om å utsetje navnevalet til 2022. Skulen skal byggast nær Straume. 

Åsane og Bømlo

Fylkestinget vedtok at Åsane videregående skole vert kalla Åsane vidaregåande skule. Skulen skal stå klar i 2020. Den samanslåtte skulen mellom Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule vert kalla Bømlo vidaregåande skule, vedtok fylkestinget i dag.