Legg ned klassar med låg søknad

Hordaland fylkesutval har vedteke å legge ned ein del klassar ved dei vidaregåande skulane med låg søknad. Dette omfattar 21 utdanningsprogram/programområde.

Studiespesialisering vg1 ved Austevoll vidaregåande skule, som var tilrådd lagt ned, blir oppretthalden av eit samrøystes fylkesutval. Vg2 automatisering ved Slåtthaug videregående skole, som vart vedteke lagt ned, skal bli søkbart i VIGO neste år, slik at tilbodet kan kome tilbake om det melder seg nok søkjarar.

Fylkesutvalet vedtek kvart år justering av tilbodsstrukturen ved dei vidaregåande skulane i Hordaland for komande skuleår. Alle dei 21 nedlagde tilboda har for få søkjarar til å fylle opp klassane.

Desse utdanningsprogram/programområde er vedteke lagt ned skuleåret 2019/2020:

Askøy videregående skole

Vg2 Data og elektronikk

Bømlo vidaregåande skule

Vg2 Sal, service og   tryggleik

Knarvik vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Kvam vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Kvinnherad vidaregåande   skule

Vg1 Service og samferdsel

Kvinnherad vidaregåande   skule

Vg2 Industriteknologi

Laksevåg videregående   skole

Vg2 Industriteknologi

Laksevåg videregående   skole

Vg3 Elektrofag m/ studiekompetanse*

Odda vidaregåande skule

Vg2 Kjøretøy

Slåtthaug videregående   skole

Vg2 Automatisering

Sotra vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Sotra vidaregåande skule

Vg1 Design og handverk

Stord vidaregåande skule

Vg1 Elektrofag   m/studiekompetanse

Stord vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Voss gymnas

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Voss gymnas

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Voss gymnas

Vg2 Blomsterdekoratør

Voss gymnas

Vg2 Frisørfag

Årstad videregående skole

Vg2 Laboratoriefag

Åsane videregående skole

Vg2 Industriteknologi

Åsane videregående skole

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

 * Sjølv om fylkesutvalet vedtok at vg3 elektrofag med studiekompetanse ved Laksevåg videregående skole skal leggjast ned, skal tilbodet likevel oppretthaldast. Dette skjer ved at elevane blir overført til vg3 påbygging til generell studiekompetanse ved same skule.