Lærer å møte ekstreme haldningar i klasserommet

Korleis skal lærarar møte fordomsfulle og hatefulle utsegn i klasserommet? Dette er eit sentralt spørsmål for lærarane som dette skuleåret deltar i prosjektet Dembra.

Fire vidaregåande skular i Hordaland er dette året pilotskular i Dembra-prosjektet. Tilbodet skal heve skulane sin kompetanse om førebygging av antisemittisme, rasisme og udemokratiske haldningar. Dette er første gong vidaregåande skular i Hordaland deltar i det nasjonale prosjektet som i Hordaland blir leia av Raftostiftelsen.

– Å møte elevar med ekstreme haldningar i ein undervisingssituasjon kan vere sjokkerande for den som er lærar. Det er viktig å vere bevisst på at dette kan skje og vite korleis ein skal møte situasjonen, seier Mari Mulelid som underviser i norsk, engelsk og matematikk på Slåtthaug vidaregåande skule.

Skuleundersøking om skjellsord

Nyleg var faglærarar frå dei fire pilotskulane Bergen katedralskule, Årstad vgs, Fyllingsdalen vgs og Slåtthaug vgs samla til dagskurs på Raftohuset. Kurset "flytende frykt" handler mellom anna om korleis faga matematikk og norsk kan brukast til kritisk demokratisk danning i klasserommet. Forskergruppa "LIved Democracy" frå Høgskulen på Vestlandet har utvikla innhaldet i kurset og stod òg for undervisinga.

– Eg ser definitivt at det er behov for dette arbeidet. Eg liker godt at vi samarbeider med lærarar frå andre skular om å lage undervisningsopplegg. Dette gir oss verktøy vi kan bruke i direkte i undervisinga, seier Mulelid.

På kurset var òg Lena Sanden, avdelingsleiar på Slåtthaug vgs.

– På Slåtthaug har vi jobba spesielt med korleis vi skal møte elevar med ekstreme haldningar. Vi har mellom anna gjennomført ei undersøking hos elevane for å finne ut meir om kva for skjellsord som blir brukt.

Dembra3.jpg

Solveig Moldrheim frå Raftostiftinga saman med kursdeltakarane  Mari Mulelid og Lena Sanden frå Slåtthaug vgs.

Må lære å diskutere

Solveig Moldrheim er seniorrådgjevar i Raftostiftelsen og ansvarleg for Dembra-prosjektet i Hordaland. Ho fortel at det er lite gruppebasert hets på norske skular i dag. Men for dei som blir utsette for det, er dette svært viktig å jobbe med. Temaet er «touchy» og vanskeleg for lærarar. Det er mange dilemma og fallgruver dei kan hamne i.

– Vi må lære å diskutere når vi er uenige. Dette inneber å trene oss i demokratiske ferdigheiter som å vise respekt og å lære å sjå ei sak frå fleire sider, seier Moldrheim.

Ein del av alle fag

For Hordaland fylkeskommune er Dembra eit av tiltaka i handlingsplanen for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

– I det nasjonale arbeidet med nye læreplanar har demokrati og medborgarskap ein sentral plass. Vi i Hordaland fylkeskommune er opptatt av å møte utfordringane som går på hatefulle ytringar og rasisme på ein god måte. Derfor har vi engasjert oss i Dembra og starta dette pilotprosjektet, seier fylkesdirektør for opplæring Svein Heggheim.