Kult og kjempespennande entreprenørskap

– Dette er kult og kjempespennande, seier konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen på fylkesmessa der 440 elevar konkurrerte i entreprenørskap.

Den årlege fylkesmessa for ungdomsbedrifter gjekk av stabelen på Amalie Skram videregående skole. 87 ungdomsbedrifter frå vidaregåande skular i Hordaland deltok i konkurransen.

Fylkesrådmannen var overraska over det store engasjementet ho fekk sjå.

– Det er gøy og spennande å sjå alt elevane har fått til. Vi hadde ikkje høve til å drive med slikt då eg gjekk på skulen, seier Ingrid Holm Svendsen. 

Tett samarbeid på Bømlo

Saman med fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal, var ho mellom anna innom dei tre elevane frå Bømlo vidaregåande skule som driv ungdomsbedrifta Ungt initiativ.

– På Bømlo er det tett og godt samarbeid mellom næringslivet og skule, sa Holm Svendsen. Og samarbeid med næringslivet er forretningsideen til elevane.

– Vi lagar reklamefilmar for bedriftene på Bømlo, slik at dei kan marknadsføre seg for å få ungdomen i kommunen til å søke på jobbar i bedriftene. Vi har laga to filmar, og har tre under arbeid. Det tek om lag 12 timar å filme, og etterpå brukar vi opp til 14 timar på redigering. Vi har det kjekt, og dette er lett å jobbe med. Vi har lært å bli sjølvstendige i dette arbeidet, seier Oskar Innvær Agasøster, Nicolai Onarheim Grønnevik og Håkon Aakre i ungdomsbedrifta som reiste av garde med førsteplassen i kategorien beste forretningsplan. 

Går mykje betre i år

– Vi er svært glade for førsteplassen. Vi jobbar med dette fem timar i veka i faget entreprenørskap og bedriftsutvikling. Men vi brukar og mykje av fritida og har lagt ned mykje arbeid i å lage forretningsplan. Vi var og med i fjor. Då satsa vi på paraplyar med lokalt trykk og refleks, men det går mykje betre i år, seier dei tre elevane.

UngdomsbedriftN1000B5572jpg.jpg

Amanda N. Frederich (f.v.), Rikke Moe Tennebø og Agnes Sandvik i SafeSpace DogTraining UB ved Stend vidaregåande skule fekk 1. plass i beste kundeoppleving og 2. plass i beste reklamefilm.

Styrketrening og yoga for hund 

SafeSpace DogTraining UB ved Stend vidaregåande skule tok både 1. plass i beste kundeoppleving og 2. plass i beste reklamefilm. Dei tre elevane Amanda N. Frederich, Rikke Moe Tennebø og Agnes Sandvik i 2. klasse på naturbruk med hund, var svært nøgde.

– Vi har brukt mange timar på dette. Å lage reklamefilm med hund er ikkje lett. Vi brukte mange, mange timar på å filme. Det endelege resultatet var kraftig kutta ned. Vi tilbyr ulike typar kurs i å aktivisere hundar, men ikkje vanleg dressur. Hundeiegarar kan kome til oss. Vi tilbyr styrketrening for hund, yoga, valpetreff og trening der hunden skal lære å takle forskjellige situasjonar, som til dømes å ta vaksine utan å bli redd, seier Amanda N. Frederich, Rikke Moe Tennebø og Agnes Sandvik.

Skulen arbeider for at elevane skal kunne ta fagbrev i dyretrening.

– Vi håpar at dette skal gå i orden neste år, for då håpar eg å kunne ta fagbrev. Det kan brukast både til å trene hundar og andre dyr, seier Amanda N. Frederich.

UngdomsbedriftN1000B5579.jpg

Hannah Bøthun (f.v.), Joachim Nesse og Tor Eirik Tøkje i Sealaces UB ved Amalie Skram videregående skole tok 1. plass i beste reklamefilm.

Gjenvinning av avfall frå strendene 

Arrangørskulen reiste og av garde med ein førsteplass. Sealaces UB ved Amalie Skram videregående skole gjekk til topps i klassen beste reklamefilm.

– Vi reflekterer over miljøet og bruk og kast-mentaliteten. Avfall er blitt eit aukande miljøproblem. Ideen vår er å bruke fiskeutstyr som er rydda frå strendene til å lage skolisser. Men dette er ikkje berre vanlege skolisser. Vi vil vise at dei kan brukast til mange ting, som slips rundt halsen eller belte rundt magen. Mottoet vårt er «mer enn bare skolisser», seier Hannah Bøthun, Joachim Nesse og Tor Eirik Tøkje. 

Motiverer elevane 

Fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal, seier elevane brukar mykje tid på arbeidet med ungdomsbedrift, mykje meir tid enn det som står på timeplanen. 

– Dette er eit næringsretta tiltak som engasjerer svært mykje. Elevane får laga ordentlege bedrifter. Dei får lage produkt, marknadsføre dei, sjå på økonomien og heile bedriftsløpet. Og til avslutte bedrifta. Dette motiverer elevane. Det er ikkje berre eit fag, men eit vindu mot det verkelege livet. 

Godt vertskap

Lyngedal er glad for at hans tidlegare skule er vertskap for den årlege fylkesmessa.

– Elevane får bruke skulen gratis og kan bruke pengane som før gjekk til å leie dyrt lokale, til heller å gje eit betre tilbod til elevane. Fylkesmessa for ungdomsbedrifter høyrer heime på ein flott skule som Amalie Skram videregående skole, seier fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal.

Vi kjem attende med fleire resultat frå fylkesmessa og kven som får reise til norgesfinalen på Lillestrøm som går av stabelen mot slutten av april.