Kuldesjokk fekk 20 000 bier til å sverme

– Varmen i april, etterfølgt av kuldeperioden i mai, kan vere årsaka til sverminga, seier birøktar Bjarte Tennfjord som er ansvarleg for biene på terrassen til fylkeshuset.

Sist laurdag fekk dronninga i ein av dei fem bikubane på terrassen til fylkeshuset nok av kulde og regn og tok med seg 20 000 bier og forlet bikuba. Den store, kompakte skya av bier reiste rett over kanten av terrassen i femte etasje og landa på vindauget i første etasje. Ein slik svær klase av bier er eit uvanleg syn i ein by og vekte merksemd både av folk som kom forbi og media, både BT, BA og TV2.

– At bier svermar på denne måten er høgst vanleg, naturleg og ufarleg for folk. Årsaka til sverminga kan vere genetisk, men veret i år spelar ei rolle. I april hadde vi svært varmt og fint ver. Det førte til at sesongen for biene starta tidleg, men så kom kuldeperioden i mai, fortel birøktar Bjarte Tennfjord.

Stressa av for mykje innesitting

Kuldesjokket førte til mykje innesitting for biene som vart stressa over lang tid. Og etter kvart vart det trangt om plassen.

– Dronninga må difor ha bestemt seg for å forlate bikuba. Først la biene grunnlaget for ei ny dronning, og når denne var klekka ut, tok den gamle dronninga med seg halvparten av biene og flaug ut. Men dei flaug ikkje langt, berre nokre meter. Dronninga fann ein høveleg plass ikkje langt unna, på vindauget rett nedanfor terrassen, der ho samla alle biene.

BierFylkeshusN1000B7458.jpg

Birøktar Bjarte Tennfjord inspiserer bikubene på terrassen til fylkeshuset. Dei 20 000 biene som flaug av garde, kom frå den nærmaste bikuben. Det kan Tennfjord konstatere. Dei andre bikubane er normale. I sommar vil biene fly heilt til Ulriken og lage honning av røsslyngen der.

Skremmande og horroraktig

Birøktaren seier at det ikkje er farleg for menneske å møte ein sky med bier som svermar.

– I ein slik situasjon vil biene ikkje gå på menneske, men er i eit anna modus. Dei vil berre finne ein ny stad å bu og konsentrerer seg om det. Men det kan verke skremmande og horroraktig å møte denne store skya med bier, seier Tennfjord.

Speida etter ny tilhaldsstad

Frå tilhaldsstaden på vindauget i første etasje i fylkeshuset sende dronninga ut speidarbier for å rekognosere etter ein ny, permanent tilhaldsstad. Dette kan anten bli eit holrom i ein vegg, eit møne eller eit tre. Når speidarbiene kjem attende med rapport, har dei allmøte og bestemmer kva stad som høver best, fortel Tennfjord.

Men desse biene kom aldri så langt at dei fann ny tilhaldstad på eiga hand. For dei som passerte forbi fylkeshuset, var klasen av bier lett å sjå. Tennfjord var vekkreist, men fekk birøktarane Alf Inge Søyland og Manuel Hempel til å rykke ut. Dei fekk den store bisvermen over i ein stor kasse og frakta dei til Milde der dei vart plassert i ein ny bikube. Denne bikuben skal tilbake til terrassen tilket på fylkeshuset.

Landa på biletet av marka til Steinstø fruktgard

Bisvermen valde å ha mellombels tilhaldsstad på vindauget i 1. etasje i fylkeshuset akkurat der det er eit bilete av ein grøn mark som høyrer til Steinstø fruktgard i Hardanger.

– Vi veit ikkje kvifor dei valde biletet av den grøne marka. Men det kan vere tilfeldig, seier Tennfjord.

Ikkje første gongen

I fjor opplevde birøktaren og at halvparten av biene i ein kube på taket av fylkeshuset sverma og forsvann.

– Vi veit ikkje kvar det vart av den bisvermen. Det førte til at produksjonen i bikuben gjekk ned. Men eg har i svært liten grad opplevd at dronninga tek med seg bier og forlet ein bikube. Eg kan førebygge gjennom tilsyn og kontroll av bikubane. Ein bikube kan vekse til nærmare 60 000 bier og då treng dei plass til utvidinga. Eg har vekentlege kontrollar og følgjer med på endringane i bikuben, og set på nye kassar oppå, slik at dei ikkje skal få det for trangt, men trivast.

Fylkesbiene blir med på flyttelasset til Sandsli

Tennfjord seier at bisesongen no vil «normalisere» seg.

– No blømer lindetrea og geitrams. Dette er gode honningplanter. Biene kan flyge så langt som tre kilometer vekk frå bikuben, både til Ulriken, Løvstakken og Fløyen der det er røsslyng.

Dette er sjette året Bjarte Tennfjord har bier på terrassen til fylkeshuset. Når Hordaland fylkeskommune flyttar i mellombels hus på Sandsli i tre år frå 2020 skal biene bli med på flyttelasset. Fylkesbiene er komne for å bli.

Her svermer tusenvis av bier midt i byen (Sak i BA - abonnent)

Bidronning i eksil holdt hoff på fylkeshuset (Sak i BT)