Krev nasjonal ordning for handtering av marint søppel

– Det er lett å rydde, men ikkje lett å ta med seg og levere til forsvarleg avhending. Vi må få ei nasjonal ordning for handtering av marint søppel, sa Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund på konferansen om samordning av arbeidet mot marin forsøpling på Vestlandet.

Konferansen samla 70 personar frå alle dei fire Vestlandsfylka og fylkesmannen, i tillegg til mange organisasjonar som har engasjert seg i arbeidet mot førsøpling av hav og natur.

Ruben Oddekalv meiner og det er viktig å få til god koordinering og dialog mellom dei frivillige ryddarane og organisasjonane.

– For at dette skal bli ein suksess, må vi vere til stades løpande heile året og ha aktivitet langs heile kysten. Vi treng riktig og dedikert utstyr til dei ulike oppgåvene og profesjonelle team som held fram med å bygge kunnskap og erfaring. Og vi må ha tett dialog og samarbeid med næringane som bidreg med forsøpling, sa Ruben Oddekalv.

PlastN1000B5954.jpg

– Vi er avhengige av lokale ryddeaksjonar, skuleklassar og friluftsråda, sa Kjell Kvingedal hos fylkesmannen. 

Like kompleks som klimakrisen 

Kjell Kvingedal hos fylkesmannen i Vestland jobbar med samordning av arbeidet mot marin forsøpling på Vestlandet.

– Vi har 100 000 kilometer kystlinje i Noreg. Vi lever av havet og må ta vare på det på god måte. Plastkvalen på Sotra fekk svært mange frivillige til å rydde. Men den marine forsøplinga er like kompleks som klimakrisen. Vi kan plukke bosset, men saka er meir kompleks enn det. Vi må få varige løysingar. Det er ikkje slik at ute av syne, ute av sinn. Vi er avhengige av lokale ryddeaksjonar, skuleklassar og friluftsråda. Engasjementet må halde fram. Vi er glade for arbeidet friluftsråda gjer, men vi treng betre samordning. Alle gode krefter må bidra, sa Kjell Kvingedal.

PlastN1000B5943.jpg

– Vi har felles kyst og felles utfordringar, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Kan bli meir plast enn fisk i havet i 2050 

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø sa at det er eit felles prosjekt mellom dei fire fylka på Vestlandet å satse på rydding av strand, sjø og havbotn.

– Vi hugsar plastkvalen. No har vi sett ein ny plastkval ein annan stad i verda full av plast og med eit dødt foster. Dette er ei utfordring ikkje berre for oss, men for heile verda. Vi må ta inn over oss kva vi held på med. Vi må byrje med oss sjølve og gå ut og ta med oss bosset heim og kaste det på forsvarleg måte. Vi har felles kyst og felles utfordringar. Vi kastar årleg 36 000 tonn plast i havet. Held dette fram blir det i 2050 meir plast enn fisk i havet, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Gudrun K. Fatland er prosjektleiar i  Vestlandsrådet for berekraftige tiltak mot marin forsøpling.

– Vi har ein handlingsplan og skal lage ein plaststrategi. Vi skal rydde strand og hav og skal kklare dette i samarbeid med alle aktørar, sa Fatland.

PlastB1000B5970.jpg

– Vi har godt samarbeid med Bergen og Omland friluftsråd og Bergen kommune, sa  miljørådgjevar Sveinung Klyve i Hordaland fylkeskommune. 

Plaststrategi 

Sveinung Klyve, miljørådgjevar i Hordaland fylkeskommune, meiner det er viktig å førebygge og motivere til rydding.

– Vi har godt samarbeid med Bergen og Omland friluftsråd og Bergen kommune. Fylkestinget har dei siste tre åra løyvt nesten tre millionar kroner til friluftsrådet.

Hordaland fylkeskommune skal i løpet av 2019 lage eigen plaststrategi som skal bli ein del av plaststrategien til Vestlandsrådet.

PlasrN1000B5994.jpg

– Vi er avhengige av statlege løyvingar til å samle inn og handtere avfall, sa Toralf Igesund i BIR.

Ikkje mogeleg å finne den som ureinar 

Toralf Igesund jobbar i BIR, som tek seg av bossavfall i Bergensområdet.

– Vi samlar inn avfall og sender det til forsvarleg behandling. På eigen grunn er det grunneigar som har ansvar for bosset. Den som kastar avfallet er ansvarleg, men ofte er det ikkje mogeleg å finne den som kasta bosset. Difor er vi er avhengige av statlege løyvingar til å samle inn og handtere avfall, sa Igesund.

PlastN1000B6003.jpg

– Det er ingen tvil om at husdyr og andre dyr et plast. Vi finn landbruksplast i storfe som blir slakta kvar dag, sa Øyvind Birkeland i Indre Hordaland Miljøverk.

Mykje plast i naturen 

Øyvind Birkeland i Indre Hordaland Miljøverk (IHM) peika på at plast på land kan vere like farleg som i sjøen.

– Vi samla inn 12 922 tonn landbruksplast i 2017. Det var 85 prosent av salet. Vi har god returordning for landbruksplast, men likevel kjem det mykje i naturen. Det er ingen tvil om at husdyr og andre dyr et plast. Vi finn landbruksplast i storfe som blir slakta kvar dag. Er det reelle problemet at vi oppfattar plast som så vanleg at vi tar det for greitt å kaste? Eg håpar ikkje at vi kjem dit, sa Birkeland.