Kombinerer tannlege med kafébesøk

– Her er det blitt flott. Pasientane er svært nøgde. Dei kombinerer gjerne time hos tannlegen med kafébesøk og anna, seier Lise Marthe Krogenes, leiar av den nye Arna tannklinikk i Øyrane torg i Indre Arna.

Torsdag 5. desember vart den nye tannklikken offisielt opna. Med dette er det slutt på Indre Arna tannklinikk i Arna helseheim, Tysse tannklinikk og Dalekvam tannklinikk. Tre er blitt til éin.

– Vi har fått ein samslingsstad for pasientane. Tilbakemeldingane er svært gode. Og vi har veldig flinke tilsette her, seier Krogenes.

ArnaB5229N1000.jpg

Fylkestannlege Arne Åsan overrekkjer eit bilete i gåve til den nye tannklinikken ved klinikkleiar Lise Marthe Krogenes.

Mykje gjenbruk

Tannklinikken har 14 arbeidsplassar, 12 kvinner og to menn. Den har åtte behandlingsrom, der to av dei har heis for funksjonshemma. Arealet er på 629 kvadratmeter. Prisen er 18 millionar kroner, der 15 har gått til det byggetekniske og tre til det tanntekniske utstyret. Mykje av utstyret på dei tre tidlegare tannklinikkane er gjenbrukt, mellom anna dei tanntekniske benkane og ein del anna teknisk utstyr. Dei åtte behandlingsstolane er derimot flunkande nye.

ArnaB5263N1000.jpg

Det er to menn og 12 damer ved Arna tannklikk. Her er dei aller fleste.

– Her er mykje finare 

Mona Aardal er ein av dei 14 tilsette ved tannklinikken.

– Vi har fått ein veldig fin tannklinikk i høve den vi hadde i helseheimen. Der har vi vore sidan 1992. Her er det mykje finare, seier Mona Aardal, som er tannpleiar og folkehelsekoordinator i tannhelsedistrikt nord.

– Vi skal førebygge og driv mykje med undervising både for helsearbeidarar på sjukeheimar og elevar i barne- og ungdomsskulen, seier Aardal.

Fylkestannlege Arne Åsan seier at denne tannklinikken er ein del av strategien i tannklinikkstrukturen i Hordaland med nedlegging av mindre tannklinikkar for å slå dei saman til større.

– Vi hadde 80 tannklinikkar i Hordaland. No er vi 40, og planen er at vi skal ned i 25. Med større klinikkar får vi eit større fagområde og kan tilby eit betre tilbod, seier Åsan.

ArnaB5213N1000.jpg

Eit av dei nye behandlingsromma ved Arna tannklinikk med heis til å løfte funksjonshemma pasientar og flott utsikt ut over Arnavågen.

Tilfeldig

Det var litt tilfeldig at den nye klinkken vart plassert i handlesenteret i Indre Arna, nær tog og buss.

– Årsaka er at vi bygde ny tannklinikk i Askøy senter for to år sidan. Då sa vi at vi var på jakt etter lokale til ny tannklinikk i Arna. Det viste seg at eigarane av Askøy senter var dei same som her, og etter kvart fekk vi tilbod om ledige lokale i tredje etasje. Vi er glade for at vi hamna her, og vil takke spesielt dei tilsette som har pakka ned, flytta og pakka ut. Det er ein omstendeleg prosess, og det tek tid å kome i gang på ny plass, seier fylkestannlege Arne Åsan.