Klare for dialogmøte om det nye fylket

No skal politikarane møte innbyggarar,  kommunar og aktørar i regionane for å få innspel til planstrategien for vårt nye fylke.  Sjå tid og stad for dei fem møta.

– Det viktigaste målet med møtet er at det skal vere ein open post der vi vil ha innspel frå alle som har noko på hjartet, og som vil påverke vegvala for den nye fylkeskommunen sitt arbeid med samfunnsutviklinga, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane), som vil vere til stades på samtlege møte.

Dei stiller på dialogmøta saman med dei andre politikarane frå fellesnemnda sitt arbeidsutval.

Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i heile det nye fylket. Innspela skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal liggje til grunn for den nye regionale planstrategien.

Vestland sin regionale planstrategi vil bli heilt sentral for aktivitetane i fylkeskommunen. 

Fakta og innspel

På møtet kjem også framtidig rådmann Rune Haugsdal til å orientere om korleis  den nye fylkeskommunen vil bli organisert.

Eit av tema på møta er fakta om utviklingstrekk i regionen og resultat av spørreundersøking om utfordringar. Frå kommunane kjem det innlegg med innspel om kva som er dei viktigaste tema for felles satsingar framover.

Alle kan kome

Eit føremål med møtet er at folk kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utvikklingsstrategi for fylket. Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket.

Møta er opne for alle, men representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar vert invitert spesielt, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.

Tid og stad for møta