Kinesisk prestisjesamarbeid

– Å ha utveksling og samarbeid på tvers av landegrenser er viktig fordi vi då lærer både språk og kultur av kvarandre, sa YI Xianliang, den kinesiske ambassadøren i Norge. Denne veka fekk han møte  Amalie Skram- elevar som har tatt kinesisk og som no skal til Kina for å lære meir.

Amalie Skram vidaregåande skole er ein av få skular i Norge som tilbyr kinesisk. Fagtilbodet er svært populært. Over 100 elevar fordelt på dei tre klassetrinna tar kinesisk - både som fellesfag og programfag. Opplegget, som er eit samarbeid med Bergen Konfutse Institutt, inneber eit utvekslingssamarbeid med den kinesiske prestisjeskulen Bayji. Amalie Skram vgs sender kvart år to elevar til Bayji for å ta Vg2 der.

Skal gå på kinesisk prestisjeskule

Ein av desse er Simon Vedaa. Han reiser i slutten av august og gler seg til eit annleis år. I løpet av skuleåret skal han bu hos ulike vertsfamiliar.

– Eg gler meg til å blir kjent med kinesiske elevar. Eg har allereie kontakt med ein kinesisk elev som har tidlegare har vore på ei utvekslingsveke her på skulen, og trur det vil gjere det lettare å bli kjent med fleire, seier Simon som skal ha IT, realfag og engelsk på timeplanen. 30% av undersvisinga skal vere på kinesisk.

Victoria Leonora Fagerås gjekk ut av tredjeklasse i vår. Åra med undervising og utveksling til Kina på Amalie Skram har lagt grunnlaget for at ho no skal studere på sportsuniversitetet i Beijing. Studieplassen fekk ho etter å ha skåra svært godt på ein internasjonal språktest (HSK-test).

– Det blir veldig spennande å gå på skule, lære språket betre og ikkje minst spise kinesisk mat, seier Victoria som drar i starten av september.

I 10 år har det vore mogleg å ta kinesisk for elevar i Hordaland. Lars Berntsen, rektor på Amalie Skram vgs, er glad for å få presentere samarbeidet med Kina for ambassadøren.

– Dette ser vi som ei anerkjenning av arbeidet vårt. Særleg utvekslingsopplegget vårt gjer at elevane lærar om andre kulturar på ein unik måte. Vi ser at utvekslingsopphalda er noko elevane veks personlig på, seier Berntsen.

Ambassadørbesøk5_100px.JPG

Ambassadør YI Xianliang saman med Simon Vedaa som snart reiser til Beijing for å gå på skulen Bayji.

Viktig for næringslivet

I møte med elevane understreka den kinesiske ambassadøren korleis utveksling kan gjere at ein får kunnskap om kvarandre, noko som for eksempel er viktig i business-samanheng.

– Når næringslivet i to land skal samarbeide, er det viktig å kjenne til språket og kulturen til kvarandre.

Alexander Foss Andersen, nestleiar for opplæring- og helseutvalet deltok og på møtet med den kinesiske ambassadøren. Han seier at kunnskap om Kina er noko det norske næringslivet etterspør.

– Det er viktig at fylket pleier sine mange utvekslingsavtalar på ein god måte. At ungdommar tileignar seg det kinesiske språket og ikkje minst kunnskap om kinesisk kultur, er noko som næringslivet kan nyte godt av i framtida, seier han.

Hardt arbeidande

Kina har ein 5000 år gamal kultur og eit innbyggjartal på 1,4 milliardar menneske, medan Norge har 5 millionar menneske. Sjølv om landa er forskjellige, understreka ambassadøren at det er fleire likskapstrekk mellom Kina og Norge, for eksempel at innbyggjarane i begge landa er hardt arbeidande.

– Vi er først og fremst menneske som lever på den same planeten, ein planet som står fram som stadig mindre i det moderne samfunnet, sa ambassadøren. Han understreka at vi dermed òg står overfor felles utfordringar – for eksempel når det gjeld klima.