Kartla nærmiljøet med foto og teiknesaker

Tenker du at sølepyttar er ein uting? Då barna i Hetlevik på Askøy fekk i oppgåve å finne kva dei liker og kva dei ikkje liker i sitt nærmiljø, kom dei til ein heilt annan konklusjon.

– Vi ga barna i oppgåve å kartleggje bygda si ved hjelp av fotografering og teikning. Det er både lettare og meir spennande enn å delta i ei spørjeundersøking eller å skrive ein lang tekst, seier Lisbeth Marie Aasebø, folkehelsekoordinator i Askøy kommune.

Sist veke var ho med å presentere prosjektet på sluttkonferansen for «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse» - ei nasjonal satsing frå Helsedirektoratet der fylkeskommunen har vore prosjektleiar i Hordaland.

Populære sølepyttar

Resultatet av barna sitt arbeid blei presentert på ei utstilling der heile bygda var invitert.

– Oppslutninga var overveldande. Det kom svært mange folk for å høyre barna fortelje om sine bilete og korleis dei oppfatta nærmiljøet, seier Aasebø.

Eit av bileta viste sølepyttar på skuleplassen i Hetlevik. Men der dei vaksne gjerne ser sølepyttar som ein uting, synes barna at sølepyttane var eit av dei kjekkaste områda på skuleplassen.

– Dette viser korleis vaksne ofte tenkjer annleis enn barn, seier Aasebø som skryt av skulen og barnehagen sin innsats i prosjektarbeidet.

«Nærmiljøprosjektet» er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet og kommunane Askøy, Bømlo, Fjell og Stord. Gjennom 4 år har kommunane prøvd ut og utvikla ulike metodar for medverknad frå barn og unge i kommunal planlegging.

Nærmiljøprosjekt3.jpg

Ved hjelp av foto fekk barna fram korleis området med sølepyttar var ein av dei kjekkaste stadene på skuleplassen.

Van med å ta bilete

For å få til dette er det viktig å planlegge nedanfrå. Dette inneber å få fram tidlig kva lokalsamfunnet meiner – ikkje kva ein trur dei meiner. På Askøy brukte dei metoden «fotostemme» som skal sikre at barna si stemme blir høyrt i det kommunale planleggingsarbeidet.

– Barn i dag er gode digitalt og er van med å ta bilete. Gjennom fotografia og teikningane kom det fram fleire ønskje som lokalsamfunnet seinare har tatt tak i, mellom anna utbetring av ein lokal tursti, seier Aasebø. Barna fekk på denne måten erfare at innspela fekk synlege resultat.

Metodar som fleire kan bruke

Det er ofte utfordrande for kommunar å få til god medverknad i planlegging, særskilt frå barn og unge. På sluttkonferansen i Bergen presenterte alle dei fire kommunane i nærmiljøprosjektet resultata frå sine arbeid.

Dei viste mellom anna korleis kunnskap frå barn og unge kan gjere planarbeidet meir treffsikkert, korleis det er mogleg å få fram fleire stemmer i planarbeidet og måtar den lokale mobiliseringa i planarbeidet kan aukast. Koplinga mellom folkehelse og planlegging i kommunane har vore sentralt.

– Nærmiljøprosjektet gjer at andre kommunar no får tilgang til nye metodar som kan sikre medverknad frå innbyggjarane. Som prosjektleiar har Hordaland fylkeskommune tilrettelagt for kunnskaps- og nettverksbygging, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Ho legg til at samarbeidet har fungert svært godt og tilbakemeldingane har vore positive frå både kommunane og Helsedirektoratet. Høgskolen på Vestlandet har dessutan vore ein viktig støttespelar for kommunane når det gjeld metodeutvikling.

Nærmiljøprosjekt2.jpg

Lisbeth Marie Aasebø og Bengt S. Borge arbeider som rådgjevarar i Askøy kommune. På sluttkonferansen til nærmiljøprosjektet fortalte dei om korleis foto og teikningar fekk fram barna sine meiningar om nærmiljøet.