Ingen forslag om bomstasjonplassering fekk fleirtal

Ingen av forslaga på Hordaland fylkesting om bomstasjonplassering i Åsane bydel fekk fleirtal. Dermed er det ikkje noko vedtak i saka, og det vil truleg ikkje skje noka endring i plassering av bomstasjonane.

På fylkestinget vart det reist fleire forslag både om flytting og nedlegging av bomstasjonane og at dei skal stå som i dag, men hos dei 56 fylkestingsrepresentantane vart det ikkje fleirtal for nokon av forslaga.

Vedtak i Bergen bystyre 

Tidlegare har Bergen bystyre gjort vedtak om å legge ned dei to bomstasjonane i Åsanevegen og i Åsanemyrane og flytte bomstasjonen i Tellevikvegen til Klauvaneset ved Nordhordlandsbrua.

Krav om vedtak i Hordaland fylkesting 

Sidan det er eit krav om vedtak i Hordaland fylkesting i saka, vil det truleg ikkje skje noka endring i plassering av bompengestasjonane.