Ikkje passasjerbetaling på Autopass-ferjer

Hordaland fylkesting har med 31 røyster vedteke ikkje å innføre passasjerbetaling på dei fylkeskommunale Autopass-ferjene i Hordaland.

Marthe Hammer, SV, fremja forslaget som er i tråd med innstillinga til fylkesrådmannen. I tillegg vedtok fylkestinget å be om at minimumsinnbetalinga for å få rabatt, skal gå ned frå 3500 til 1500 kroner. Desse forslaga vart vedteke med 31 røyster: A, SV, R, V, MDG og tre frå KrF. Dermed vil iverksetjinga av Autopass på alle fylkesvegferjene halde fram som før. Dei som røysta for å innføre passasjerbetaling var: H, Frp, Sp og to frå KrF.

Gå gjennom takstregulativet

Benthe Bondhus, SP, fremja forslag om å be Staten gå gjennom takstregulativet for ferjer, og å redusere dette, for å kompensere kostnadsauken Autopass-ferje har gitt. Dette forslaget vart samrøystes vedteke.

Saka har bakgrunn i at Silja Ekeland Bjørkly, H, ba om sak til fylkestinget om ulike alternativ for passasjerbetaling. Etter at Autopass vart innført tidlegare i år, gjekk prisen pr. bil noko opp på kostnad av at passasjerane skal reise gratis. Dette har ført til at det har blitt dyrare for pendlarar som er åleine i bilen, mens bilar med passasjerar har fått redusert pris.

Enklare

Meininga med innføringa av Autopass var å gjere sjølve betalingsprosessen enklare, både for kundane og for mannskapet om bord. Brikkebetaling ved hjelp av Autopass gjer ventetida på kai kortare og reduserer kostnadane til billettering hos operatørselskapa.

I saksutgreiinga skriv fylkesrådmannen at ho ikkje ønskjer å gå attende på innføringa av Autopass, men at ho har forståing for at auken i taksten blir opplevd som høg.