Ikkje gravøl for Hordaland, men framtida for Vestland

– Dette er ikkje gravøl for Hordaland. Dette er framtida, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då Hordaland fylkesting var samla for siste gongen, til festsamkome i Håkonshallen.

– Vi avsluttar både denne fireårsbolken i fylkestinget og Hordaland fylkeskommune og går inn i Vestland fylkeskommune. No blir det ein ny epoke med eit samla Sogn og Fjordane og Hordaland til eit nytt fylke, sa Anne Gine Hestetun.

Det er tradisjon at kvart Hordaland fylkesting har avslutning i Håkonshallen. Dette vart og ei historisk avslutning med talar, underhaldning, god mat og drikke og ei feststemd forsamling. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fylkesvaraordførar Pål Kårbø ønskte alle medlemmer i fylkestinget og alle andre gjester velkomne.

FTB5576N1000.jpg

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fylkesvaraordførar Pål Kårbø tek imot byrådsleiar Roger Valhammer, tidlegare byråd Rebekka Ljosland og fylkespolitikar Tore Andre Ljosland.

181 år gammal historie

Fylkesordføraren gjekk gjennom den 181 år gamle historia til Hordaland fylkeskommune.

– Sommaren 1838, frå 26. juli til 1. august, var det første fylkestinget for Hordaland. Bakgrunnen var at Stortinget vedtok formannskapslovene i 1837. Men alt i 1671 vart Noreg delt inn i fire stiftsamt, der Hordaland og Sogn og Fjordane, saman med Bergen by, vart Bergenhus stiftsamt med felles stiftsamtmann.

I 1763 vart amtet delt i Søndre og Nordre Bergenhus stiftsamt og i 1831 vart Bergen skilt ut. 1. januar 1919 vart namnet på Søndre Bergenhus stiftsamt endra til Hordaland fylke, og ved samanslåinga i 1972 vart Bergen del av Hordaland fylke.

– No går vi attende til tida før 1763 med eit felles Vestland. Dette er gode tradisjonar, sa Hestetun.

FTB5635N1000.jpg

– Livet som fylkesordførar er både arbeidskrevjande og kjekt, men det er flest kvardagar, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Første fylkesting i 1838

Det første fylkestinget for Hordaland var torsdag 26. juli 1838 kl. 0900.

– Dei møttast første gongen i rådhuset i Bergen, det vi kallar gamle rådhuset. Der vart det sett ned ei budsjettnemnd og sjølvsagt ei vegnemnd som skulle kome med tilrådingar. Det første budsjettet  var på 11 500 spesidalar. I dag ville det blitt ca. tre millionar kroner. Det var ikkje rare budsjettet, og det var lite samanlikna med dei andre fylka, så vi har gode tradisjonar, sa Hestetun.

I dei første 125 åras til fylkestinget, fram til 1964, sat ordførarane i landkommunane i fylkestinget. Frå 1964 vart fylkestingsrepresentantane valde av kommunestyra. Fram til 1976 stod fylkesmannen for administrasjonen.

FTB5523N1000.jpg

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø og fylkesordførar Anne Gine Hestetun tek imot leiar av kontrollutvalet i Hordaland, Inge Reidar Kallevåg.

Styrte eiga skute frå 1976

– I 1975 kom ein gjennomgripande reform med direkteval til fylkestinget. Hordaland fekk 85 medlemmer. 27. oktober 1975 var det konstituerande fylkesting og kamp om fylkesordførarvervet. Ole Dramdal, Høgre, vart vald til den første fylkesordføraren i det reformerte fylket. Sidan 1. januar 1976 har fylkestinget og fylkesutvalet styrt si eiga skute, lausrive frå både fylkesmann og kommunar og bygde opp eigen administrasjon leia av fylkesrådmannen.

FTB5533N1000.jpg

Beate Husa er byråd i Bergen, men var tidlegare i fylkestinget i Hordaland.

Første kvinne på fylkestinget

Det har vore mange endringar opp gjennom åra. Første kvinne møtte på Hordaland fylkesting i 1970. På fylkestinget i juni 2013 var første og einaste gongen kvinnene var i fleirtal med 29 av 57 representantar. Frå 1989 har kvinnedelen lagt på mellom 41 og 46 prosent.

– Livet som fylkesordførar er både arbeidskrevjande og kjekt, men det er flest kvardagar. Takk til alle for å ha halde ut med oss. Saman er vi sterke. Det har vore utruleg kjekt å samarbeide. Vi har ulik politikk, ulike meiningar. Vi er usamde i kva som verkar best, men eg har aldri møtt ein politisk kollega som ikkje gjer sitt beste ut frå sitt tankesett og sine verdiar. Då må vi tole å vere usamde. Det er kjernen i demokratiet vårt. Takk for velmeinande samhandling og hugs til lags åt alle kan ingen gjere, sa fylkesordføraren.

FTB5645N1000.jpg

160 personar deltok i sluttmarkeringa for Hordaland fylkesting.

Slutt etter 181 år

I 181 år har det vore fylkesting i Hordaland, og dei siste 44 åra med den reformerte fylkeskommunen.

– Dei folkevalde representerer dei demokratiske organa. Eit regionalt folkevald nivå er heilt naturleg og nødvendig. Fylkeskommunen skal vere ein reiskap for innbyggarane og lokalsamfunnet, ikkje for stat. Etter 181 år med Hordaland fylkesting står vi foran nye oppgåver i Vestland fylkeskommune og fylkesting. Eg gler meg til å samfunnsutvikle Vestland, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

FTB5620N1000.jpg

– Fylkeskommunen skal vere ein viktig samfunnsaktør framover, sa tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, som sat til bords med fylkestingsmedlem Anne-Beth Njærheim (t.h.).

Vemodig og spennande

Torill Selsvold Nyborg var i fylkestinget i 20 år og åtte år som fylkesordførar.

– Dette er både vemodig og spennande. Eg er stolt over at fylkestinga har klart å vedta samanslåing. I 2003 vart Vestlandsrådet etablert. Med stor entusiasme, inspirert av Europa og regionane, skulle vi samle dei fire fylka på Vestlandet til å bli et politisk kraftsenter som kunne greie det meste sjølv. Vi hadde alt her i vest, alle ressursar som fanst, og vi fødde på Austlandet. Vi ville hamle opp med Oslomakta og sentralisering, men spriket i laget var for stort, og fire fylke var for mange. Berre i Hordaland fylkesting var det fleirtal for samanslåing.

FTB5542N1000.jpg

Terje Søviknes er ein av veteranane i politikken og har seks periodar bak seg i Hordaland fylkesting.

Godt venskap rundt Nordsjøen

For fire år sidan starta samanslåingsprosessen på nytt.

– No kan vi juble for den nye fylkeskommunen. Eg har hjarte som kan juble for fylkeskommunen og at den skal vere ein viktig samfunnsaktør i Noreg framover. Regionalt politikk er viktig, men samarbeid med kommunar, i tillegg til nasjonale og internasjonale aktørar, aukar krata i det nye fylket. Det er stor verdi å ha venner, og venner rundt Nordsjøen. Der har vi lange og djupe kulturelle røter som bind oss saman. Vi må halde fast på venskapet. Demokrati er verdt å kjempe for. Fridom, likskap og brorskap som fellesskapet og demokratiet er bygd på, er viktig. Vi må ha eit samfunn som evnar å sjå ut over seg sjølve. Dette er verdiar for eit framgansrikt Vestland, sa Selsvold Nyborg.

FTB4725N1000.jpg

Siste fylkesting i Hordaland, utan sakshandsaming, i Håkonshallen. Alle 57 representantar.

Vestland må få ein god start

Vil sakne Onarheimsseglet.
– Det er vedmodig at Hordaland fylkeskommune ikkje lenger skal eksistere. Eg kjem til å sakne Onarheimsseglet og fylkesvåpenet, men vi skal ikkje dvele lenge ved vemodet. Det er ei kjensle vi må gjere oss ferdige med. Alle gode krefter må trå til for at Vestland skal få ein god start. Vi skal bli det beste fylket i Noreg å bu i, sa Torill Selsvold Nyborg, som peika på at FN har kåra Noreg til det beste landet å bu i.

FTB5613N1000.jpg

Aud Karin Oen (t.h.) funderte over overgangen frå kjukke bunkar med sakspapir til ein lett ipad, her med fylkesrådmann i Vestland, Rune Haugsdal.

Frå papir til ipad

Aud Karin Oen har fire periodar i fylkestinget og to i fylkesutvalet og skal halde fram i Øygarden kommunestyre. Ho dvelte ved endringa frå papir til digital saksbehandling. På 1990-talet fekk dei så mykje sakspapir til politiske møte at ryggen vart krum. No er det slutt på alt papiret, og ipad har overteke. Ho avslutta talen med å sitere mangeårig medlem av fylkestinget, Hans Otto Robberstad. «Det er ikkje greit å vere menneske, men det er endå verre å vere fylkestingspolitikar!»

FTb5625N1000.jpg

Silje Hjemdal var mange år på fylkestinget, men er no stortingsrepresentant.

FTB5606KN1000.jpg

Ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen og fylkesordførar Anne Gine Hestetun markerte slutten på Hordaland fylkeskommune og ønskjer Vestland velkommen.