Hydrogenbilar og el-lastebilar skal sleppe bompengar

Hordaland fylkesutval har samrøystes vedteke å gje fritak for bompengar for hydrogenbilar og utsleppsfrie varebilar og lastebilar.

Fylkesutvalet vil vidareføre fritaket for desse bilane, slik som det har vore til no. Fritaket skal gjelde i minst fem år, fram til 2025.

Vidare ønskjer fylkesutvalet at tunge køyretøy som går på biogass også skal bli vurdert for bomfritak eller reduserte bompengar.  Fylkesutvalet ønskjer og, så snart som råd, å få vurdert om ladbare hybrid-lastebilar og lastebilar som går på bioetanol skal sleppe bompengar eller få reduserte bompengar.

Alle partia i fylkesutvalet slutta seg til vedtaket.