Hordaland Teater blir Det Vestnorske Teateret

Hordaland Teater skiftar namn og blir Det Vestnorske Teateret. Samstundes har teateret fått lov til å bygge slik dei vil i Logen i Bergen sentrum.

Generalforsamlinga har vedteke namneskiftet. Dette samanfell med at teateret har fått vite at klaga deira på bygging i bakgarden på scenehuset i Logen, er teken til følgje og byggesaka vil bli godkjend av Bergen kommune.

Meir spissa strategi

– Med eit profilert teaterhus og ein meir spissa strategi mot den vestnorske folkeferda, språket og identiteten ønskjer vi i vårt namneval å signalisere denne nyvinninga i Bergen si teaterverd. Samstundes får vi eit namn som signaliserer teateret sine ambisjonar i den nye fylkeskommunen Vestland og i det meir utvida omgrepet Det Vestnorske, seier teatersjef Solrun Toft Iversen

To gladsaker

Ho er nøgd både med namnebyttet og at dei får bygge ut teateret.

Dette er to svært gode gladsaker. No kan vi endeleg snart samle både verkstadar, prøve- og spelelokale og dermed få ein effektiv og moderne teaterdrift. Publikum har teke godt imot eit nynorsk teater i Bergen sentrum og no kan vi krone innsatsen med eit nytt bygg og nytt namn.  Eg gler meg spesielt over den nye biscenen som vi no vil få plass til. Vi vil jobbe hardt for å kunne tilby publikum eit endå rikare og meir variert repertoar når vi no får fleire scener og ikkje minst armslag til å produsere på. Vi kan ikkje kvile heilt på laubæra enno. Vi treng ytterlegare løyvingar for å ta ut potensialet for aktivitet i det fine huset vårt. Eg er også glad for at publikum no endeleg får lettare tilkomst med heis heilt opp til 3. etasje, seier teatersjef Solrun Toft Iversen.