Heile Vestland kan få bygdeutvikling gjennom LivOGLyst

– LivOGLyst-programmet er årsaka til at vi kom i hamn med reiselivssatsinga, seier Liv Anne Aanesen, prosjektleiar i Modalen. No kan lokalsamfunn i heile Vestland bli med i LivOGLyst og få støtte til bygdeutvikling.

Aanesen fortalde om det vellukka prosjektet i Modalen på lokalsamfunnskonferansen LivOGLyst i Terminus Hall i Bergen 26. september. Liv og Lyst er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland. Målet er å utvikle attraktive lokalsamfunn.

Prosjektet som har gått i Hordaland sidan 2008, blir no utvida til og å omfatte Sogn og Fjordane. Alle lokalsamfunn og bygdelag etc i dei to fylka kan søkje om å bli med i prosjektet. Søknadsfristen er 25. oktober.

LivLystB1470N1000.jpg

– Vi var ambassadørar og oppsøkte lag og organisasjonar som hadde idear, sa Liv Anne Aanesen, prosjektleiar for LivOgLyst i Modalen. 

Utvikle merkevare

På konferansen fortalde Liv Anne Aanesen om arbeidet som er gjort i Modalen.

– Vi starta arbeidet med søknaden i 2014. Vi ville ha eit reiselivsprosjekt og hadde to mål. Vi ville skape ein felles fysisk stad der lokale produsentar kunne tilby småskala produkt som mat, handverk, kurs, møte, kafé og som kunne ta imot grupper, både innbyggarar og tilreisande. Vi ville og utvikle ein merkevare som er felles for produkt for Modalen, og som kan fungere som ein identitetsmarkør.

Modalen er den nest minste kommunen i landet med 380 innbyggarar. Den går frå fjorden og heilt opp til fjells i Stølsheimen. Modalen fekk slagordet "Jordnær og magisk".

Deltakarane i prosjektet reiste på synfaring andre stader.

– Vi ville sjå gode døme hos andre som har oppnådd gode resultat. Vi reiste til Værlandet, Bulandet og Fedje og fekk god kontakt og fekk høyre om erfaringane dei har gjort.

LivLystB1490N1000.jpg

Ingeborg Sofie Sætrevik (t.v.) er prosjektleiar for LivOGLyst i Hordaland. Ragna Flotve jobbar hos Fylkesmannen i Vestland som er partnar i prosjektet, saman med Innovasjon Noreg Vestland.

Ville vise resultat 

 Gjennom LivOGLyst fekk prosjektet 300 000 kroner fordelt over tre år.

– Vi ville kome i gang med noko som viste resultat. Vi fekk til marknad på ulike stader i Modalen med lokale produkt. Etter kvart har vi fått ein fast stad til desse. Vi har laga grafisk profil, logo og kart. Vi har fått reiseliv, kafe, bakeri og benkar. Vi var ambassadørar. Vi oppsøkte lag og organisasjonar som hadde idear og presenterte LivOGLyst. 

Aanesen fortalde at reiselivet var ein pådrivar i arbeidet.

– Vi utarbeidde strategi for reiselivssatsing, har samarbeid med Visit Bergen om marknadsføring og har laga nettsida imodalen.no. Men vi er eit lite samfunn og veit ikkje kva vi kan tole av turistar. Vi skal legge til rette, ha eit mottaksapparat og vil helst ha lokale arbeidsplassar.

No har prosjektet gått over tre år og blir sluttført.

– Vi har brukt LivOGLyst-midlar, kommunen og næringsliv og har oppretta aksjeselskapet iModalen AS. No jobbar vi med finansiering for aksjeselskapet og skal finne vidare driftsmodell, sa Liv Anne Aanesen i Modalen.

LivLystB1481N1000.jpg

Tidlegare fylkestingsrepresentant for Venstre, Alf Helge Greaker, er samfunnsplanleggar i Bømlo og engasjert i LivOGLyst-prosjekt. 

59 prosjekt på 12 år 

Prosjektleiar Ingeborg Sofie Sætrevik fortalte at no kan alle lokalsamfunn i Sogn og Fjordane og Hordaland søkje om å bli med.

– Søknadsfristen er 25. oktober, men når søknaden er levert, kan søkjarar få ein månad til å justere den endelege søknaden, om nødvendig. Det er og høve til å søkje om eit eittårig prosjekt som kan danne grunnlag for søknad om prosjekt over tre år. Vi gjev 50 000 kroner til slike eittårige prosjekt, sa Ingeborg Sofie Sætrevik. Treårige prosjekt får 100 000 kroner kvart år i prosjektperioden.

LivOGLyst har pågått i 12 år i Hordaland med totalt 59 prosjekt i 28 kommunar.

Meir om LivOGLyst i Modalen