Heidra for fortenestefull innsats i politikken

Seks medlemmer av Hordaland fylkesting er heidra med KS-medalje med diplom for fortenestefull og samfunnsgagnleg innsats som folkevald.

Dei seks er Benthe Bondhus, Geir Kjell Andersland, Terje Kolbotn, Roald Steinseide, Gustav Bahus og Gunnar Bakke. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fylkesvaraordførar Pål Kårbø delte ut heideren under den festlege samkoma for Hordaland fylkesting i Håkonshallen. 

– For meg er det ei stor glede når eg ved dette høvet har æra av å markera at summen av innsats og kvalitetar de har stått for, har gjort dykk alle kvalifiserte til KS si høgaste utmerking, heidersteikn med diplom for fortenestefull innsats i kommunalt og fylkeskommunalt virke, sa Hestetun.

KSB5737N1000.jpg

KS-medaljane vart delt ut av fylkesordførar Anne Gine Hestetun (t.h.) og fylkesvaraordførar Pål Kårbø (t.v.) til Benthe Bondhus (vidare f.v.), Gustav Bahus, Gunnar Bakke, Roald Steinseide, Geir Kjell Andersland og Terje Kolbotn.

Har kjempa for rassikring

Benthe Bondhus, Sp, vart folkevald første gong i 1987 som 2. vara til ei stor Sp-kommunestyregruppe i Kvinnherad og møtte jamt. Deretter har ho i sju periodar (1992-2019) vore fast medlem i kommunestyre og fylkesting. Ho var med i fylkestinget i fem periodar, samanhengande frå 1999 til 2019. I periodane 1999-2003, 2003-2007 og 2007-2011 var ho medlem i samferdselsutvalet. Då Rune Johan Skjælaaen drog til Stortinget, midt i perioden 1999-2003, overtok Bondhus leiaransvaret i samferdselsutvalet frå haust 2001 til haust 2003.

Ho har vore medlem i fylkesutvalet i periodane 2011-2015 og 2015-2019, og i desse åtte åra var ho og gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget. Ho var medlem i fellesnemnda for nye Vestland fylkeskommune i 2018-2019.

Bondhus har i mange år vore Hordaland sin medlem i Nasjonal rassikringsgruppe der ho har vore ei sterk og tydeleg talskvinne for auka midlar til det viktige arbeidet med å gjere vegane våre tryggare å ferdast på. Bondhus var med i Kvinnherad kommunestyre i fire periodar, 1987-1992 (2. vara) og deretter fast i periodane 1992-95, 1995-1999 og i 2007-2011.

KSB5728N1000.jpg

Benthe Bondhus blir gratulert av fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Både Høgre og Venstre

Geir Kjell Andersland, H og V, har i alt sju periodar som folkevald i kommunestyre og fylkesting, og i tillegg hatt ei rekkje leiarstillingar i det offentlege. 

Han kom med i fylkestinget alt i 1980 som representant for Høgre og representerte partiet dei to periodane 1980-87. I 1980-1983 var han medlem og nestleiar i kulturstyret og i perioden 1984-1987 var han leiar i kulturstyret. 

I 2015 kom han på nytt inn i fylkestinget som representant for Venstre. Karriera starta i bypolitikken i Bergen. I 16 år var han medlem i bystyret. I perioden 1972-1979 representerte han Høgre. Så gjekk det 16 år før han på ny kom inn i bystyret att. Denne gongen som representant for Venstre i to periodar frå 1995 til 2003. I perioden frå 26. juni 2000 til 17. juni 2001 var han byråd for kultur, idrett og skule.

I åra 1988-1992 var han direktør for Haukeland sjukehus, men med permisjon delar av 1989-90, då han var statssekretær i Sosialdepartementet. Andersland har og vore administrerande direktør ved Norges Handelshøyskole (1992-1998) og regiondirektør for Barne-, ungdoms- og familieetaten (2004-2009).

KSB5664N1000.jpg

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø festar KS-medaljen på jakka til Geir Kjell Andersland.

Aktiv debattant

Terje Kolbotn, Raudt, har sju periodar som folkevald i kommunestyre og fylkesting. I Odda kommunestyre har han vore med samanhengande i 28 år, frå 1992 til 2019.

I fylkestinget rykte han i 2009 opp frå 1. varamannsplass til fast medlem for resten av perioden fram til 2011. Han kom inn som fast medlem att for perioden 2015-2019, og har i desse åra vore medlem i kontrollutvalet. For dei komande fire åra er han valt inn som medlem både i kommunestyret i nye Ullensvang og i Vestland fylkesting.

Kolbotn har vore sentral i fagforeiningsmiljøet i Odda i meir enn 25 år, mellom anna som leiar av samorganisasjonen frå 1988 til 2012. Han er særs aktiv i debattane både i kommunestyre og fylkesting.

KSB5675N1000.jpg

Blomster, diplom og KS-medalje til Terje Kolbotn.

Varaordførar 

Roald Stenseide, Frp, har bak seg seks periodar i Askøy kommunestyre, samanhengande frå 1996 til 2019. I fylkestinget har han fem periodar, samanhengane frå 1999 til 2019. 

I tre periodar på rad, frå 2003 til 2015, var han leiar i opplærings- og helseutvalet. Han har og vore leiar i yrkesopplæringsnemnda i åra 2003-2007. I periodane 2007-2011 og 2011-15 var han leiar i Hordaland fagskulestyre.

I Askøy kommune var han varaordførar i perioden 2011-2015, og han skal og vere varaordførar i nye fire år. 

KSB5686N1000.jpg

Roald Steinseide takkar for heideren.

Samferdselspolitikar

Gustav Bahus, Frp, har seks periodar på rad i Os kommunestyre og fire i fylkestinget.

Han vart valt inn i Os kommunestyre første gong i 1995, der han mellom anna har vore leiar i plan- og bygningsutvalet. I fylkestinget har han vore medlem i fire periodar på rad, frå 2003 til 2019. Han har vore leiar i samferdselsutvalet i tre periodar på rad frå 2003 til 2015. Bahus held fram i kommunestyret i nye Bjørnafjorden kommune, og han er 3. vararepresentant for Frp i nye Vestland fylkesting.

KSB5699N1000.jpg

Gustav Bahus blir heidra.

Ordførar og byråd 

Gunnar Bakke, Frp, har frå 1995 til 2019 seks periodar bak seg i kommune- og fylkespolitikken. Til Bergen bystyre vart han valt inn i 1995. I den tredje bystyreperioden var han ordførar for åra 2007-2011. Han var byråd for kultur, næring, idrett og kirke i Bergen frå 31. oktober 2011 til 31. mars 2014. Han har vore med i fylkestinget frå 2003 til 2019. Bakke er 2. vara for Frp i Vestland fylkesting.

KSB5708N1000.jpg

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø festar KS-medaljen på jakka til Gunnar Bakke.

Har alt fått 

Tre andre folkevalde er og kvalifisert for KS-medalje: Inge Reidar Kallevåg, Terje Søviknes og Tom Christer Nilsen. 

Inge Reidar Kallevåg har alt fått overrekt medaljen i heimkommunen sin, Bømlo. I fylkestinget har han to periodar bak seg. Frå 2011-2015 var han i fylkesutvalet og frå 2015 og ut denne perioden har han vore leiar i kontrollutvalet. 

Vil vente 

Terje Søviknes, har valt å venta med å ta imot heidersteiknet. Han har sju periodar bak seg i Os kommunestyre frå 1992 og seks periodar, frå 1995 i fylkestinget, og han skal halde fram både i Bjørnafjorden kommunestyre og i Vestland fylkesting

Får seinare 

Tom Christer Nilsen får medaljen på eit seinare tidspunkt. Han starta i Hordaland fylkesting i 1995 og heldt fram på Stortinget frå hausten 2017. Frå 2003 til 2011 var han fylkesvaraordførar og frå 2011 til 2015 fylkesordførar.