Heidra 30 idrettsutøvarar

– Dette var gøy, seier Sunniva Skeie Eidsaa i Bergen Storm CHeerleading, som tok bronse i VM i cheerleading i Orlando, USA, saman med tre lagvenninner i april i år. 6. desember vart dei heidra av Hordaland for prestasjonen og takka med å vise kva dei kan.

Kvart år i desember heidrar Hordaland fylkeskommune idrettsutøvarar frå fylket som har gjort særleg store prestasjonar i internasjonale meisterskap. I alt vart 30 idrettsutøvarar heidra av fylkesordførar Anne Gine Hestetun, fylkesvaraordførar Pål Kårbø og leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, Tore André Ljosland. Alle fekk eit bilete i Sveinung Iversen sin serie «Idrettsbilete».

IdrettB5400N1000B.jpg

Sunniva Skeie Eidsaa, Bergen Storm Cheerleading, på toppen saman med lagvenninnene Thea Tyssøy Jensen, Ingrid Eeg Nielsen og Nora Hjertager Lund hadde oppvising under utdelingen.

Lagspel

Fire av dei 30 var laget frå Bergen Storm Cheerleading som tok bronsemedalje i VM i cheerleading i USA.

– Vi har halde på i seks år. Dette er eit lagspel, og vi har godt samhald i klubben. Cheerleading er ein veldig variert sport. Vi turnar, dansar og trenar styrke, seier Sunniva Skeie Eidsaa som tok VM-bronsen saman med Thea Tyssøy Jensen, Ingrid Eeg Nielsen og Nora Hjertager Lund. Dei fire jentene kvitterte for heideren med å vise kva dei kan.

IdrettB5363N1000.jpg

30 idrettsutøvarar i Hordaland vart heidra av fylkesordførar Anne Gine Hestetun, fylkesvaraordførar Pål Kårbø og leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, Tore André Ljosland.

Dei andre 26 som vart heidra, er:

Sjur Røthe, Langrenn, Voss IL

Gullmedalje 30km skiatlon

Gullmedalje 4 x 10km stafett

Bronsemedalje 50km

VM Val Di Fiemme, Italia

Andreas Bakkerud, Rallycross

Sølvmedalje i rallycross
VM samanlagt

Stian Andre Schjetlein, Aquabike, Hjellestad Jet Ski Klubb

Gullmedalje parallell slalom

VM Portimao, Portugal og Sardinia, Italia

Magomed Naurdinov, Taekwondo, Bergen Taekwon-Do Klubb

Gullmedalje sparring -70kg

VM Inzell, Tyskland

Marielle Lind, Taekwondo, Bergen Taekwon-Do Klubb

Gullmedalje mønster 4.-6.dan

VM Inzell, Tyskland

Madeleine Lind, Taekwondo, Bergen Taekwon-Do Klubb

Gullmedalje mønster 3.dan

VM Inzell, Tyskland

Olina-Karin Fossdal, Kickboksing, Fana Kickboxing Klubb

Bronsemedalje lettkontakt -60 kg

VM Sarajevo, Bosnia-Herzegovina

Sindre Henriksen, Skøyter, Fana IL

Sølvmedalje lagtempo

VM Inzell, Tyskland 

Sverre Lunde Pedersen, Skøyter, Fana IL

Gullmedalje 5000m

Sølvmedalje 1500m

Sølvmedalje lagtempo

VM Inzell, Tyskland

Sølvmedalje allround

VM Calgary, Canada

Håvard Lorentzen, Skøyter, Fana IL

Sølvmedalje 500m

VM Inzell, Tyskland

Ann Linnea Hole, Taekwondo, Bergen Taekwon-Do Klubb

Sølvmedalje Mønster 1. dan

VM Inzell, Tyskland 

Amalie Hegland Lauritzen, Kroppsflyging, Vossavind

Bronsemedalje Fristil

VM Lille, Frankrike

Anders Mol, Beachvolleyball, Strandvik IL

Bronsemedalje lag herrer

VM Hamburg, Tyskland

Gunnhild Litlabø, Undervannsrugby, BSI Boblen

Gullmedalje lag damer

VM Graz, Austerrike

Marie Jeanette Outzen, Undervannsrugby, BSI Boblen

Gullmedalje lag damer

VM Graz, Austerrike

Carina Magnussen, Undervannsrugby, BSI Boblen

Gullmedalje lag damer

VM Graz, Austerrike

Rannveig Litlabø, Undervannsrugby, BSI Boblen

Gullmedalje lag damer

VM Graz, Austerrike

Gerd Anne Solibakke, Undervannsrugby, BSI Boblen

Gullmedalje lag damer

VM Graz, Austerrike

Tord Caspersen Nerland, Undervannsrugby, BSI Boblen

Sølvmedalje lag herrer

VM Graz, Austerrike

Raymond Gaassand Straume, Kickboksing, Fana IL

Gullmedalje world cup samanlagt

fullkontakt -75kg

Gustav Iden, Triatlon, Åsane CK

Gullmedalje Ironman 70,3

VM Nice, Frankrike

Salum Kashafali, Friidrett, Norna-Salhus

Gullmedalje 100m i klassa T12

VM Dubai, De Forente Arabiske Emirater

Thea Vatshelle, Kickboksing, Kronstad Kampsportklubb

Gullmedalje fullkontakt -70kg

VM Antalya, Tyrkia

Milton Galaretta, Kickboksing, Bergen kickboksing klubb

Bronsemedalje fullkontakt -63,5kg

VM Antalya, Tyrkia

Oliver Liseth, Aquabike, Hjellestad Jet Ski Klubb

Gullmedalje i klassa Pro Ski Lite i aquabike

VM Lake Havasu City, USA

Dag Martin Drange, Aquabike, Hjellestad Jet Ski Klubb

Sølvmedalje i klassa Pro Ski Lite i aquabike

VM Lake Havasu City, USA