Heider til fylkeskommunal postdoktor

– Det er gledeleg å sjå at arbeidet vi gjer, blir lagt merke til, seier Ingfrid Vaksdal Brattabø ved Tannhelsetenesta kompetanssenter Vest. Ein forskingsartikkel ho skreiv i det britiske «BMC Oral Health» er kåra til ein av dei fem beste i forskingstidskriftet i 2018.

Brattabø tok doktorgraden i fjor og jobbar som postdoktor ved kompetansesenteret til Hordaland fylkeskommune. Totalt vart det publisert 200 artiklar i det britiske forskingstidskriftet i fjor.

– Det er svært inspirerande at «BMC Oral Health» har valt ut vår forskingsartikkel som ein av fem «Highlights of 2018». Arbeidet vi gjer i tannhelsetenesta og barneverntenesta i Noreg for å avdekke og hjelpe utsette barn og unge, blir lagt merke til internasjonalt. Dette trur vi aukar interessa for tema og aukar kunnskapen internasjonalt, seier Ingfrid Vaksdal Brattabø som skreiv artikkelen saman med Ragnhild Bjørknes ved HEMIL-senteret ved psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen og Anne Nordrehaug Åstrøm ved institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen/Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest. 

Avdekker omsorgssvik 

Artikkelen er eit resultat av doktorgraden Brattabø tok i fjor. Tannlegar kan avdekke mishandling og omsorgssvikt hos barn og unge. Dei har plikt til å sende bekymringsmelding til barnevernet ved mistanke om dette. Noreg sender fleire slike bekymringsmeldingar enn det som er vanleg i andre land. 

Målet med artikkelen til Brattabø, Bjørknes og Åstrøm var tredelt: Kartleggje årsakene til at bekymringsmeldingar blir sendt, undersøkje korleis barnevernet reagerer og vurdere om ulike årsaker til bekymringsmelding blir knytt til bestemte handlingar og tiltak frå barnevernet.

Behov for tettare samarbeid 

Brattabø konkluderte med at tannhelsepersonell avdekker omsorgssvikt og ulike former for mishandling, men at barnevernet i berre låg grad set i verk tiltak. Tannhelsepersonell får ofte heller ikkje tilbakemeldingar frå barnevernet. Dette viser at det er behov for eit tettare samarbeid mellom offentleg tannhelseteneste og barnevernet. Dette vil tene både barna i risikogruppa og dei to offentlege etatane.